Margit Rogne (1911–1976)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Margit Rogne (fødd 3. februar 1911, død 21. november 1976) var gardkone på Midtre Rogne (gnr. 44/9) i Øystre Slidre i Valdres.

Ho var dotter av gardbrukarparet Ingeborg (Ingebjørg) f. Sletten (1888–1914) og Tore Hagaseth (1880–1952) i Sørre Hagaset (gnr. 29/1) i Nord-Etnedalen. Margit hadde ein to år eldre bror, Anders, som vart lensmann i bygda.

Mora Ingeborg døydde i 1914, berre 26 år gammal. Faren gifta seg i 1925 opp att med Anna Jørstad og fekk sju born med henne.

I 1930, då ho var 19, gifta ho seg med den tre år eldre Gudleik Rogne frå Øystre Slidre. Han hadde året før teke over garden Midtre Rogne etter foreldra Olav G. Rogne og Marit f. Jørstad. Margit og Olav fekk fire søner:

  • Olav (1930)
  • Torleiv (1933)
  • Magne (1937)
  • Ivar (1946)

Kilder og litteratur