Marith Tande: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(Justeringar) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Marith Tande]]''' (fødd på [[Lesja]] [[1852]], død på [[Lillehammer]] [[1926]]) | '''[[Marith Tande]]''' (fødd på [[Lesja]] [[1852]], død på [[Lillehammer]] [[1926]]) var jordmor, forretningskvinne og kommunepolitikar. Ho vart ei framståande kvinne i det offentlege liv på Lillehammer, og var mellom anna med blant [[De 100 første kvinner i kommunestyrene|dei 100 fyrste kvinnene som vart innvalde i kommunestyra i 1901]]. | ||
Foreldra var gardbrukarar på Lesja, Gunnar Olsen frå Uti-Håkåstad og Johanne Hansdotter frå Stor-Tande. Dei dreiv bruket Nordistugu Stor-Tande, der Marith vaks opp. Marith var nesteldst av sju sysken. Ho levde ugift heile livet. | Foreldra var gardbrukarar på Lesja, Gunnar Olsen frå Uti-Håkåstad og Johanne Hansdotter frå Stor-Tande. Dei dreiv bruket Nordistugu Stor-Tande, der Marith vaks opp. Marith var nesteldst av sju sysken. Ho levde ugift heile livet. | ||
Marith Tande flytta til Lillehammer som 15-åring. Ho må ha fått jordmorutdanning, da ho ei tid var jordmor i [[Gausdal]]. Seinare flytta ho attende til Lillehammer. Ho var tidleg ute også som kvinne med handelsrett, og oppnådde dette 1885. Ho dreiv i mange år ei kortevareforretning, fyrst i Hoffs gård i Kirkegata, seinare i Finsruds gård i Storgata. | Marith Tande flytta til Lillehammer som 15-åring. Ho må ha fått jordmorutdanning, da ho ei tid var jordmor i [[Gausdal]]. Seinare flytta ho attende til Lillehammer. Ho var tidleg ute også som kvinne med handelsrett, og oppnådde dette i 1885. Ho dreiv i mange år ei kortevareforretning, fyrst i Hoffs gård i Kirkegata, seinare i Finsruds gård i Storgata. | ||
Saman med [[Karoline Skar]] vart Marith Tande valt inn i bystyret etter at kvinnene for fyrste gong hadde fått stemmerett ved kommuneval. Båe representerte Høgre. Tande sat i fleire periodar, og ho hadde mellom anna verv som medlem | Saman med [[Karoline Skar]] vart Marith Tande valt inn i bystyret etter at kvinnene for fyrste gong hadde fått stemmerett ved kommuneval. Båe representerte Høgre. Tande sat i fleire periodar, og ho hadde mellom anna verv som medlem av likningskommisjonen og fattigstyret. | ||
Ho var ei særs samfunnsengasjert kvinne også utanom politikkken, mykje i kristeleg samanheng. Ho fekk skipa Kristelig forening av unge kvinner (KFUK) på Lillehammer i 1890. Gjennom denne foreininga var ho primus motor i reisinga av [[Søndagshjemmet]] i Skolegata, ein institusjon som tilbaud husvære og oppbyggeleg miljø både for unge einslege yrkeskvinner og for eldre kvinner utan midlar til å greie seg sjølve. Tande var lenge sjølv forstandar for Søndagshjemmet. | Ho var ei særs samfunnsengasjert kvinne også utanom politikkken, mykje i kristeleg samanheng. Ho fekk skipa [[Kristelig forening av unge kvinner]] (KFUK) på Lillehammer i 1890. Gjennom denne foreininga var ho primus motor i reisinga av [[Søndagshjemmet]] i Skolegata, ein institusjon som tilbaud husvære og oppbyggeleg miljø både for unge einslege yrkeskvinner og for eldre kvinner utan midlar til å greie seg sjølve. Tande var lenge sjølv forstandar for Søndagshjemmet. Ho var også med i styret for eit velferdstiltak for soldatane på [[Jørstadmoen]], [[Soldaterhjemmet]]. Tande var dessutan aktiv i [[Lillehammer sanitetsforening|Lillehammer sanitetsforeining]], og i 1912 vart ho med i byggjekomiteen for tuberkoloseheimen som stod ferdig der i byen tre år seinare. | ||
Ho var også med i styret for eit velferdstiltak for soldatane på [[Jørstadmoen]], [[Soldaterhjemmet]]. | |||
Tande var dessutan aktiv i [[Lillehammer sanitetsforening|Lillehammer sanitetsforeining]], og i 1912 vart ho med i byggjekomiteen for tuberkoloseheimen som stod ferdig der i byen tre år seinare. | |||
Marith Tande vart tildelt [[Kongens fortjenstmedalje|Kongens fortenstmedalje i gull]]. | Marith Tande vart tildelt [[Kongens fortjenstmedalje|Kongens fortenstmedalje i gull]]. |
Sideversjonen fra 4. mar. 2013 kl. 07:41
Marith Tande (fødd på Lesja 1852, død på Lillehammer 1926) var jordmor, forretningskvinne og kommunepolitikar. Ho vart ei framståande kvinne i det offentlege liv på Lillehammer, og var mellom anna med blant dei 100 fyrste kvinnene som vart innvalde i kommunestyra i 1901.
Foreldra var gardbrukarar på Lesja, Gunnar Olsen frå Uti-Håkåstad og Johanne Hansdotter frå Stor-Tande. Dei dreiv bruket Nordistugu Stor-Tande, der Marith vaks opp. Marith var nesteldst av sju sysken. Ho levde ugift heile livet.
Marith Tande flytta til Lillehammer som 15-åring. Ho må ha fått jordmorutdanning, da ho ei tid var jordmor i Gausdal. Seinare flytta ho attende til Lillehammer. Ho var tidleg ute også som kvinne med handelsrett, og oppnådde dette i 1885. Ho dreiv i mange år ei kortevareforretning, fyrst i Hoffs gård i Kirkegata, seinare i Finsruds gård i Storgata.
Saman med Karoline Skar vart Marith Tande valt inn i bystyret etter at kvinnene for fyrste gong hadde fått stemmerett ved kommuneval. Båe representerte Høgre. Tande sat i fleire periodar, og ho hadde mellom anna verv som medlem av likningskommisjonen og fattigstyret.
Ho var ei særs samfunnsengasjert kvinne også utanom politikkken, mykje i kristeleg samanheng. Ho fekk skipa Kristelig forening av unge kvinner (KFUK) på Lillehammer i 1890. Gjennom denne foreininga var ho primus motor i reisinga av Søndagshjemmet i Skolegata, ein institusjon som tilbaud husvære og oppbyggeleg miljø både for unge einslege yrkeskvinner og for eldre kvinner utan midlar til å greie seg sjølve. Tande var lenge sjølv forstandar for Søndagshjemmet. Ho var også med i styret for eit velferdstiltak for soldatane på Jørstadmoen, Soldaterhjemmet. Tande var dessutan aktiv i Lillehammer sanitetsforeining, og i 1912 vart ho med i byggjekomiteen for tuberkoloseheimen som stod ferdig der i byen tre år seinare.
Marith Tande vart tildelt Kongens fortenstmedalje i gull.
Kjelder og litteratur
- Feiring, Trond: Lillehammer og Fåbergs historie. Bind 2. Byen og bygda. Materiell vekst og kulturell blomstring. Utg. av Lillehammer kommune m.fl. ved Thorsrud AS Lokalhistorisk forlag 2004. (Side 410.)
- Digitalarkivet. Folketeljinga 1900, Lillehammer. Innførsel om Marith Tande.
- Digitalarkivet. Folketeljinga 1910, Lillehammer. Innførsel om Marith Tande.
- Digitalarkivet. Folketeljinga 1910, Lillehammer. Innførsel om Søndagshjemmet.
- Gunnersen, G. F.: Lillehammer i nitti aar 1827-1917. Lillehammer 1917. (Side 342.)
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja. Bind 3. Gards- og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn. Lesja kommune 1996.(Side 99.)
- Lillehammer Tilskuer 6.7.1910: Omtale av Marith Tande i høve hennar 25-års jubileum som handlande.
- Pryser, Tore: "Samfunnsgrupper og levekår rundt århundreskiftet," i Fåberg og Lillehammer bd. 12. Lillehammer i 1890-årene. Lokalskrift utg. av Fåberg historielag 1992. (Side 48.)