Marith Tande

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. sep. 2012 kl. 07:02 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Kategoriar mm)
Hopp til navigering Hopp til søk

Marith Tande (fødd på Lesja 1852, død på Lillehammer 1926), var jordmor, forretningskvinne og kommunepolitikar. Ho vart ei framståande kvinne i det offentlege liv på Lillehammer, og var mellom anna med blant dei 100 fyrste kvinnene som vart innvalde i kommunestyra i 1901.

Foreldra var gardbrukarar på Lesja, Gunnar Olsen frå Uti-Håkåstad og Johanne Hansdotter frå Stor-Tande. Dei dreiv bruket Nordistugu Stor-Tande, der Marith vaks opp. Marith var nesteldst av sju sysken. Ho levde ugift heile livet.

Marith Tande flytta til Lillehammer som 15-åring. Ho må ha fått jordmorutdanning, da ho ei tid var jordmor i Gausdal. Seinare flytta ho attende til Lillehammer. Ho var tidleg ute også som kvinne med handelsrett, og oppnådde dette 1885. Ho dreiv i mange år ei kortevareforretning, fyrst i Hoffs gård i Kirkegata, seinare i Finsruds gård i Storgata.

Saman med Karoline Skar vart Marith Tande valt inn i bystyret etter at kvinnene for fyrste gong hadde fått stemmerett ved kommuneval. Båe representerte Høgre. Tande sat i fleire periodar, og ho hadde mellom anna verv som medlem i likningskommisjonen og i fattigstyret.

Ho var ei særs samfunnsengasjert kvinne også utanom politikkken, mykje i kristeleg samanheng. Ho fekk skipa Kristelig forening av unge kvinner (KFUK) på Lillehammer i 1890. Gjennom denne foreininga var ho primus motor i reisinga av Søndagshjemmet i Skolegata, ein institusjon som tilbaud husvære og oppbyggeleg miljø både for unge einslege yrkeskvinner og for eldre kvinner utan midlar til å greie seg sjølve. Tande var lenge sjølv forstandar for Søndagshjemmet.

Ho var også med i styret for eit velferdstiltak for soldatane på Jørstadmoen, Soldaterhjemmet.

Tande var dessutan aktiv i Lillehammer sanitetsforeining, og i 1912 vart ho med i byggjekomiteen for tuberkoloseheimen som stod ferdig der i byen tre år seinare.

Marith Tande vart tildelt Kongens fortenstmedalje i gull.

Mal:De hundre første kvinnelige kommunestyrerepresentantene