Meåsvegen (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. mai 2019 kl. 20:29 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Meåsvegen med husa på garden Meås søndre.
Foto: Roy Olsen (2018).

Meåsvegen i Nordbygdi i Seljord kommune går nordover frå Bygdaråvegen (E134) og deler seg i to greiner ved Meåsåsen, ei sør for åsen, som endet ved garden Meås søndre, og ei nord til garden Bakken.

Vegen med båe greinene er 1340 m lang, har namn etter Meåsgardane og går gjennom skog og jordbrukslandskap.

På Meås var det fyrst Brevhus, sidan blei det postopneri.
I møte i heradstyre 8. desember 1908 bli det samrøystes talt til at det bli skipa til postopneri på Meås i Nordbygdi i staden for det brevhuse som hev vori der nokre år. Frå 1. juli 1909 kom denne skipnaden i stand. (Bygdesoga, Seljord I, s. 115)

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.46118° N 8.57536° Ø