Mjølverdalen skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. okt. 2010 kl. 07:52 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Mjølverdalen krins''' er ein nedlagd skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa midt på 1800-talet då dei to skulekrinsane i Jostedalen vart delte i…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mjølverdalen krins er ein nedlagd skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa midt på 1800-talet då dei to skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem.

Krinsen var den nordlegaste i kommunen og femnde om alle heimar under gardane Mjølver, Li, Elvekrok og Fåberg. Krinsen var stor i utstrekning med vanskelege veg- og føreforhold. Det vart difor halde skule etter ei turnusordning med 14 dagar i Mjølvergrendi og 14 dagar i Fåberg. Denne ordninga stod i ein viss mon ved lag også etter at det vart bygt skulehus.

Skulehuset for krinsen vart bygt på garden Li og stod ferdig i 1891. Den totale kostnaden var 1580 kroner. Amtet dekte halvparten, ein bad om eit lån på 500 kroner frå Jostedal bygdemagasin og dekte resten over kommunebudsjettet.

Skulen og krinsen vart lagt ned i 1968 då den nye sentralskulen Jostedal skuleBjørk stod ferdig. Tidleg i 1970-åra vart skulehuset selt til private, teke ned og flytt til Fåbergstølen der det i dag står som hytte.


Arkiv

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 316 og 320-321.