Mosevollen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. jun. 2012 kl. 07:23 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard (nynorsk) | bgfarge = | navn = Mosevollen | bilde = Mosevollen.jpg | bildestr = | bildetekst = Mosevollen sett frå vegen med dei karakteris...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)


Mosevollen (Luster, gnr. 194/5) er eit småbruk i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Bruket høyrer under matrikkelgarden Bakken. Tunet ligg ved hovudvegen mellom Hesjevollen og Sagarøy. Mosevollen høyrde til Kreken skulekrins fram til skulesamanslåinga i 1960-åra.

Busetnaden går attende til kring 1793 då det vart rydda ein husmannsplass her under Bakken. I 1861 vart det rydda ein husmannsplass til same staden. Då Bukti (Sagarøy) (bnr. 4) vart utskild frå Bakken (bnr. 1) i 1913, følgde Mosevoll-plassane med og vart plassar under Bukti. Men berre ti år etter, ved delingsforretning 27.7.1923 vart husmannsplassane skilde ut som eitt bruk (bnr. 5).

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 371-419. (Digital utgåve, NBdigital)

Mal:Infoboks gardsbruk