Nesset prestegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. jun. 2023 kl. 20:59 av Leharu (samtale | bidrag) (Ryddet og tilføyd)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesset prestegard i 2009.
Foto: Camilla H. Greve

Nesset prestegard ligg litt sørvest for tettstaden Eidsvåg, på sørsida av Langfjorden i Nesset i Molde kommune. Han har gardsnummer 259/1.

Ein veit ikkje sikkert når Nesset vart prestebustad, men det er dokumentert at det budde prest på garden i 1590. Frå gamalt av har det vore om lag 20 bygningar på prestegarden, men i dag står berre 11 att. 10 av dei er freda, mellom anna Borgstua med røter attende til 1700-talet og eit stabbur som truleg er frå 1600-talet.

Bjørnstjerne Bjørnson

På prestegarden budde Bjørnstjerne Bjørnson delar av barndommen sin. Faren Peder Bjørnson vart sokneprest her i 1837, og hovudbygninga frå 1702 var då i særs dårleg stand. Bjørnson sende eit brev til kongen med søknad om å få bygge ei ny, og søkte òg om å få låne om lag 1200 spesidalar. Etter mykje om og men fekk han endeleg pengane, og bygginga kunne starte. Nyhuset stod ferdig i 1846.

Bjørnstjerne budde heime til han i 1844 flytta til Molde for å gå vidare på skulen. Bondesamfunnet og naturen i Romsdalen skulle få stor innverknad på diktinga til Bjørnson, og han vitja Nesset og Romsdalen fleire gonger etter at familien hadde flytta frå bygda.

Prestegarden skal utviklast i eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet som museumsfaglig konsulent og Opplysningsvesenets fond som eigar. Prestegarden var Nesset kommune sin tusenårsstad. Kommunen vart 1. januar 2020 innlemma i Molde.

Galleri

Kjelder