Nord-Gudbrandsdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 31. jan. 2016 kl. 16:52 av Olve Utne (Samtale | bidrag) ({{nn}})

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Nord-Gudbrandsdalen (eller lokalt berre Norddalen) er ei nemning med fleire tydingar, der to er mest brukt: øvre delen av hovuddalføret i Gudbrandsdalen, med kommunane Lesja og Dovre, eller alle kommunane ovafor Nord-Fron, der også Sel, Vågå, Lom og Skjåk inngår.[1] Desse blir òg rekna å høyre til Ottadalen (rett nok berre ein del av Sel).

Norddalen vart eige futedømme ved frådeling frå Gudbrandsdal futedømme i 1860. Da var òg Nord- og Sør-Fron inkludert, men Sør-Fron vart snart overført til Sørdalen.

Norddalen var truleg eige sorenskriveri frå det embetet vart oppretta sist på 1500-talet. Dette omfatta tinglaga i Lesja, Vågå, Lom og Fron. Frå 1699 til 1731 var dei to sorenskriveria i dalen samanslege.

Kjelde

Referanser

  1. Jfr. nettsidene til Regionrådet http://www.oppland.no/no/Om-Oppland/Nord-Gudbrandsdalen/