Nordberg (Skjåk): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Litteraturliste. Bilete)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:
*Bruheim, M.: ''Nordberg kyrkje 100 år''. Utg. Nordberg sokneråd. 1964. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2018062048075}}.
*Bruheim, M.: ''Nordberg kyrkje 100 år''. Utg. Nordberg sokneråd. 1964. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2018062048075}}.
*Grjotheim, Stein: ''Nordberg kyrkje : 150 år : åra 1964-2014''. Utg. Skjåk kyrkjelege råd. 2014. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2015052648135}}.  
*Grjotheim, Stein: ''Nordberg kyrkje : 150 år : åra 1964-2014''. Utg. Skjåk kyrkjelege råd. 2014. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2015052648135}}.  
*Hosar, Hans P.: ''Skjåk bygdebok. Band 3. Historia 1798-1914''. 1998. Særleg side 221–226{{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011091408122}}.
*Hosar, Hans P.: ''Skjåk bygdebok. Band 3. Historia 1798-1914''. 1998. Særleg side 221–226. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011091408122}}.


[[Kategori:Sokn]]
[[Kategori:Sokn]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]

Sideversjonen fra 28. jan. 2022 kl. 05:00

Nordberg kyrkje i Skjåk, bygd 1861-1864. Foto: Hans P. Hosar. 2009.

Nordberg er eit kyrkjesokn i Skjåk. Det utgjer den delen av kommunen som ligg vest for bygdesenteret Bismo. I den kyrkjelege inndelinga tilhøyrer soknet Hamar bispedømme, Nord-Gudbrandsdal prosti og Skjåk kyrkjelege fellesråd.

Delinga av Skjåk prestegjeld i høvesvis Skjåk hovudsokn og Nordberg annekssokn skjedde ved kongeleg resolusjon av 23. september 1865, med verknad frå nyttår 1866. Det stod da allereie ei ny kyrkje klar i Nordberg, påbegynt i 1861 og innvigd 7. juli 1864. Soknedelinga skjedde i kjølvatnet av at Skjåk var blitt eige prestegjeld, frådelt Lom, i 1863. Frå same tidspunkt som bygda vart delt i Skjåk og Nordberg sokn, 1. januar 1866, vart Skjåk også skilt ut frå Lom som formannskapsdistrikt (kommune).

Namnet Nordberg har bakgrunn i den tradisjonelle omtalen av vestdelen av bygda som stroka «Norda berget». (I lokal daglegtale blir det aust-vest-gåande Otta-dalføret omtala som sør-nord-gåande.) «Berget» som set skiljet mellom dei to delane av bygda, er Bispberget, som ruver over kommunesenteret Bismo. Grensa mellom Nordberg og Skjåk sokn går tvers gjennom Bismo. Nærare bestemt vart skiljet mellom kyrkjesokna sett mellom gardsnummer 28 Lund og 83 Teigum på sørsida av Ottaelva («baksida» i dialekten), og mellom 29 Berger og 127 Skei på nordsida («solsida»). (Sjå nærare om sokne- og grendeinndelinga her: Skjåk: Grender og krinsinndelingar.

Kjelder og litteratur