Norges Kvinne- og familieforbund: Forskjell mellom sideversjoner
(lenking) |
(leiarar) |
||
Linje 9: | Linje 9: | ||
Organisasjonen har meir enn 225 lokallag og 4 000 medlemar (2018). [[Ås kvinne- og familielag]] er det eldste nolevande laget i organisasjonen. | Organisasjonen har meir enn 225 lokallag og 4 000 medlemar (2018). [[Ås kvinne- og familielag]] er det eldste nolevande laget i organisasjonen. | ||
== Leiarar == | |||
* [[Marie Michelet (1866–1951)|Marie Michelet]]: 1915-34 | |||
* [[Amalie Øvergaard (1874-1960)|Amalie Øvergaard]]: 1934-46 | |||
* [[Alette Engelhart]]: 1946-59 | |||
* [[Else Germeten (1918–1992)|Else Germeten]]: 1959-69 | |||
* [[Elin Wedege (1921-2016)|Elin Wedege]]: 1969-77 | |||
* Dagmar Storås: 1977-1981 | |||
* Karin Gulichsen: 1981-85 | |||
* Ingunn Birkeland: 1985-93 | |||
* Anne Marit Hovstad: 1993-97 | |||
* Elisabeth Rusdal: 1998-2001 | |||
* Bjarnhild Hodneland: 2001-06 | |||
* Ann-Loius Nordstrand: 2007-08 | |||
* Torill Sonja Gravdal: 2008-09 | |||
* Grete Nordbæk: 2010 (fungerende) | |||
* Elisabeth Rusdal: 2010-? | |||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*''Arbeid for likeverd gjennom 100 år''. Utg. Norges kvinne- og familieforbund. 2015. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2018072507173}}. | |||
*[https://www.kvinnerogfamilie.no/om-oss/historikk/ Heimesida til Norges Kvinne- og familieforbund]. | *[https://www.kvinnerogfamilie.no/om-oss/historikk/ Heimesida til Norges Kvinne- og familieforbund]. | ||
Sideversjonen fra 25. okt. 2022 kl. 15:24
Norges Kvinne- og familieforbund blei stifta 15. september 1915 under namnet Hjemmenes Vels Landsforbund etter at fleire lokale lag av Hjemmenes Vel slo seg saman. I 1933 endra organisasjonen namn til Norges Husmorforbund, og i 1997 til Norges Kvinne- og familieforbund (K&F).
Historikk
Ideen om at husmødrene skulle samle seg i ein organisasjon blei fyrste gong lansert i bladet Husmoderen i 1897 som seinare skifte namn til Husmorbladet. Året etter vart Oslo Hjemmenes Vel stifta, som var det fyrste i Europa. Deretter vart det stifta ei rekkje Hjemmenes Vel foreiningar, og i 1915 forente desse seg i Hjemmenes Vels Landsforbund under leiing av Marie Michelet. Formålet med foreininga var helse i heimane, kosthald, husmorrolla og husmorsaken.
Michelet danna Nordens Husmorforbund i 1920, frå 1999 kalla Nordens Kvinneforbund, som i dag (2017) har meir enn 75 000 medlemar. Michelet var også ei av fleire stiftarar av den internasjonale kvinneorganisasjonen Associated Country Women of the World (ACWW) i 1933. Norges Kvinne- og familieforbund har sidan stiftingane vore aktive medlemar i begge desse organisasjonane.
Norges Kvinne- og familieforbund var med på å danne Forbrukerrådet i 1953, Norske Kvinners Nasjonalråd, Kvinners Frivillige beredskap, FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål), Miljøheimevernet (Grønn Hverdag) og Populus (Studieforbundet næring og samfunn) i 1995. I tillegg gir organisasjonen ut medlemsbladet Kvinner & familie (tidl. Husmorbladet)
Organisasjonen har meir enn 225 lokallag og 4 000 medlemar (2018). Ås kvinne- og familielag er det eldste nolevande laget i organisasjonen.
Leiarar
- Marie Michelet: 1915-34
- Amalie Øvergaard: 1934-46
- Alette Engelhart: 1946-59
- Else Germeten: 1959-69
- Elin Wedege: 1969-77
- Dagmar Storås: 1977-1981
- Karin Gulichsen: 1981-85
- Ingunn Birkeland: 1985-93
- Anne Marit Hovstad: 1993-97
- Elisabeth Rusdal: 1998-2001
- Bjarnhild Hodneland: 2001-06
- Ann-Loius Nordstrand: 2007-08
- Torill Sonja Gravdal: 2008-09
- Grete Nordbæk: 2010 (fungerende)
- Elisabeth Rusdal: 2010-?
Kjelder
- Arbeid for likeverd gjennom 100 år. Utg. Norges kvinne- og familieforbund. 2015. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Heimesida til Norges Kvinne- og familieforbund.