Ola L. Bergfall: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
mIngen redigeringsforklaring |
||
Linje 4: | Linje 4: | ||
Bergfall var ein sentral person i Aure fråhaldslag, som var eit lokallag av [[Det Norske Totalavholdsselskap]]. Elles var han leiar av Bergfall songkor (på folkemunne kalla "Skrekkje" eller "Bergfallskrekkje"). | Bergfall var ein sentral person i Aure fråhaldslag, som var eit lokallag av [[Det Norske Totalavholdsselskap]]. Elles var han leiar av Bergfall songkor (på folkemunne kalla "Skrekkje" eller "Bergfallskrekkje"). | ||
Aure fråhaldslag æra Ola L. Bergfall med ein | Aure fråhaldslag æra Ola L. Bergfall med ein minnestein, etter at han døydde av lungebetennelse berre 32 år gamal. </onlyinclude> | ||
== Engasjement i fråhaldsarbeid == | == Engasjement i fråhaldsarbeid == | ||
Linje 10: | Linje 10: | ||
<onlyinclude>Ola L. Bergfall engasjerte seg sterkt i arbeidet som Aure fråhaldslag dreiv. Innsatsen hans vart sett stor pris på, han vart mellom anna omtala som ein av fleire "kjende og dugande menn i avhaldsarbeidet på [[Nordmøre]]". Og i [[1929]], året etter at Bergfall gjekk bort, vart det halde fylkesstemne for Nordmøre [[fylke]] av DNT på Aure. Her vart minnet etter Bergfall og fleire andre personar heidra. </onlyinclude> Blant anna deltok Ole E. Flovik, [[sokneprest]] i Aure frå [[1922]] til [[1936]], med ein minnetale om Bergfall. | <onlyinclude>Ola L. Bergfall engasjerte seg sterkt i arbeidet som Aure fråhaldslag dreiv. Innsatsen hans vart sett stor pris på, han vart mellom anna omtala som ein av fleire "kjende og dugande menn i avhaldsarbeidet på [[Nordmøre]]". Og i [[1929]], året etter at Bergfall gjekk bort, vart det halde fylkesstemne for Nordmøre [[fylke]] av DNT på Aure. Her vart minnet etter Bergfall og fleire andre personar heidra. </onlyinclude> Blant anna deltok Ole E. Flovik, [[sokneprest]] i Aure frå [[1922]] til [[1936]], med ein minnetale om Bergfall. | ||
{{thumb|Bergfall.jpg| | {{thumb|Bergfall.jpg|Minnesteinen i [[2012]].|[[Bruker:Kiplesund|Kenneth Kiplesund]]}} | ||
{{thumb|Bergfall-stein2.JPG| | {{thumb|Bergfall-stein2.JPG|Minnesteinen etter vedlikehaldsarbeid, januar [[2015]].|Kenneth Kiplesund}} | ||
== Bautastein == | == Bautastein == | ||
Aure fråhaldslag fekk reist ein | Aure fråhaldslag fekk reist ein minnestein over Ola L. Bergfall på Aure kyrkjegard. Innskrifta på steinen er: "Ola L. Bergfall 1896-1928. Kjærleik i gjerning og sanning. Trufast mot merket. Reist av Aure fråhaldslag". | ||
I [[2014]] fekk [[Molde]] og omegn fråhaldslag ordna med vedlikehald av steinen. | I [[2014]] fekk [[Molde]] og omegn fråhaldslag ordna med vedlikehald av steinen. |
Sideversjonen fra 19. apr. 2016 kl. 22:01
Ola (Ingvald Larsson) Bergfall (Bergfald) (1896-1928) var ein gardbrukar og fråhaldsmann frå Bergfall på Ertvågsøya i Aure kommune. Han studerte ved Nordmøre fylkesskule (amtsskule) på Bremsnes i Averøy.
Bergfall var ein sentral person i Aure fråhaldslag, som var eit lokallag av Det Norske Totalavholdsselskap. Elles var han leiar av Bergfall songkor (på folkemunne kalla "Skrekkje" eller "Bergfallskrekkje").
Aure fråhaldslag æra Ola L. Bergfall med ein minnestein, etter at han døydde av lungebetennelse berre 32 år gamal.
Engasjement i fråhaldsarbeid
Ola L. Bergfall engasjerte seg sterkt i arbeidet som Aure fråhaldslag dreiv. Innsatsen hans vart sett stor pris på, han vart mellom anna omtala som ein av fleire "kjende og dugande menn i avhaldsarbeidet på Nordmøre". Og i 1929, året etter at Bergfall gjekk bort, vart det halde fylkesstemne for Nordmøre fylke av DNT på Aure. Her vart minnet etter Bergfall og fleire andre personar heidra. Blant anna deltok Ole E. Flovik, sokneprest i Aure frå 1922 til 1936, med ein minnetale om Bergfall.
Bautastein
Aure fråhaldslag fekk reist ein minnestein over Ola L. Bergfall på Aure kyrkjegard. Innskrifta på steinen er: "Ola L. Bergfall 1896-1928. Kjærleik i gjerning og sanning. Trufast mot merket. Reist av Aure fråhaldslag".
I 2014 fekk Molde og omegn fråhaldslag ordna med vedlikehald av steinen.
Kjelder
- Kenneth Kiplesund: Bauta over Ola L. Bergfall
- Minneord av Herm. Midttun, 10 des. 1928
- Telefonsamtale med Knut Hovland, Nordmøre og Romsdal distrikt av DNT
- Anbjørg Opsal, Lensvik
- Ivar Bergfald, Aure