Olav Aukrust

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyreOlav Aukrust (fødd i Lom 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann, folkeminne- og folkekunstsamlar, men framfor alt diktar. Han er ein av dei aller fremste lyrikarane i norsk litteratur.

I form og innhald innbyr Olav Aukrusts dikting både til begeistring og til sterke motforestillingar. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi. Naturmystikken er eit berande element både i nasjonalismen og religiøsiteten. Hans språkkunst og suverene rådemakt over litterære verkemiddel er vanskeleg å overgå. Men bruk av lite kjende, til dels nyskapte ord og vendingar, mykje basert på dialekt og norrøne røter, kan verke som ein barriere for nye lesarar.

Dei nasjonalromantiske vyene om ei germansk, nordisk og norsk kulturell atterføding står i fokus hjå Aukrust, og han set seg som mål som sjåar og skald å påpeike og utløyse den nasjonale stordom i språk, kultur og sjeleliv. Det vil skje i ein syntese av norrøn kraft og kristen forklåring, symbolisert i det Aukrust sjølv kallar det «olsoknorske», med referanse til Olav den heilages kristningsverk. Realiseringa eller frigjeringa av den ekte norske folkeånd skal nåast i ei trinnvis foredling med inspirasjon frå det fjellnorske og genuint bondenorske via det landsnorske til det olsoknorske. Sagt på ein annan måte vil Aukrust bevege seg frå det lokale over det nasjonale til det universale, som også det olsoknorske i røynda representerer.

Aukrust er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Ørnulf Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også tydeleg påverka av Austens religionar og mest direkte av teosofien og antroposofien.

Familie

Olav Aukrust var fødd og oppvaksen på Nordgard Aukrust i Bøverdalen i Lom, som hadde vore slektsgard i generasjonar. Foreldra var gardbrukarparet Olav Olsen Aukrust (1851-1931) og Mari Pålsdotter frå Uppigard Andvord (1864-1936).

Olav var eldst i ein syskenflokk på fire:

  • Olav (1883-1929)
  • Paal(1883-1966), gift med Torlaug T. Børresen)
  • Kari (fødd 1886)
  • Karen (fødd 1889, gift med Lars Sulheim.)

Olav opplet odelsretten til garden til eldste broren Paal, som var fødd mindre enn eit år etter Olav.

Olav Aukrust gifta seg i 19xx med Gudrun Blekastad (1887–1984), dotter av skulemannen og forretningsdrivande Ivar Blekastad (1850–1936) og Torø Ofigsbø (1858–1929).

Ein sosial og kulturell bygdeelite - lokalt og regionalt

Også ut over dette ekteskapet var det nært skyldskap og tett ideologisk fellesskap mellom familiane Aukrust og Blekastad.

Skulegang

Folkehøgskulemannen

Kulturvernar og smaksdommar

Diktinga

Det visjonært religiøse

Det burlesk folkelege

Den nasjonale renessansen

Antroposof?

Romantikar og fascistoid?

Bibliografi

Referansar

Kjelder og litteratur