Olav K. Bøen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Olav K. Bøen (fødd 16. september 1898 i Tinn, død i april 1952) var lærar på Rjukan.

Han var son av postopnar Kristen Bøen og Helga f. Gunleiksrud. Etter folketeljinga for 1900 budde familien i huset Åsheim under Sandvika, medan dei i 1910 vart registrerte på eigedomen Ruvland i same skulekrins, nemleg «Nedre Østbygden med Heien». Ifølgje den siste teljinga var Olav K. Bøen eldstebornet; han hadde fire yngre systrer.

Han tok millomskuleeksamen i Skien i 1918 og byrja dinest på lærarskulen i Kristiania, der han gjekk ut i 1922. Som nyutdanna vart Bøen i 1922 tilsett som lærar ved Våer folke- og framhaldsskule i heimbygda Tinn. Etter tre år her byrja han i 1925 ved Rjukan folkeskule.

Bøen vart 12. april 1952 gravlagd på Austbygde kyrkjegard i Tinn.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket