Olav K. Bøen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav K. Bøen
Foto: Norske skolefolk (1952)

Olav K. Bøen (fødd 16. september 1898 i Tinn, død i april 1952) var lærar i Tinn i Telemark.

Han var son av postopnar Kristen Bøen og Helga f. Gunleiksrud. Etter folketeljinga for 1900 budde familien i huset Åsheim under Sandvika, medan dei i 1910 vart registrerte på eigedomen Ruvland i same skulekrins, nemleg «Nedre Østbygden med Heien». Ifølgje den siste teljinga var Olav K. Bøen eldstebornet; han hadde fire yngre systrer.

Han tok millomskuleeksamen i Skien i 1918 og byrja dinest på lærarskulen i Kristiania, der han gjekk ut i 1922. Som nyutdanna vart Bøen i 1922 tilsett som lærar ved Våer folke- og framhaldsskule i heimbygda Tinn. Bøen arbeidde her i 13 år; seinare var han lærar ved Rjukan folkeskule.

Bøen sat i skulestyret og heradsstyret, og han var med i ungdoms- og idrettslag. Olav K. Bøen fekk idrettsmedaljen i gull, sølv og bronse. Etter andre verdskrigen fekk han òg Krigsdeltakarmedaljen.

Han var gift med Sigrid Kristine Vaksdal, dotter av formann Nils Vaksdal og Sofie. Olav og Sigrid Bøen fekk to døtrer.

Bøen vart 12. april 1952 gravlagd på Austbygde kyrkjegard i Tinn.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket