Ole Andreas Øverland: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
(bilde pluss overskrifter)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Ole Andreas Øverland familiegravJPG.jpeg|Ole Andreas Øverland er gravlagt på [[Vestre gravlund (Oslo)|Vestre gravlund]] i Oslo.|Stig Rune Pedersen (2021)}}
{{thumb|Sævlid-gutten faksimile forside 1896.jpg|Faksimile; forsiden av Ole Andreas Øverlands hefte om [[Sevleguten]], utgitt i 1896.}}
{{thumb|Sævlid-gutten faksimile forside 1896.jpg|Faksimile; forsiden av Ole Andreas Øverlands hefte om [[Sevleguten]], utgitt i 1896.}}
'''[[Ole Andreas Øverland]]''' (f. 1855 i [[Trondheim]], død 1911 i [[Kristiania]]) var historikar. Foreldra var Ole Andreas Øverland og Gertine Birgitte fødd Moe. Han var gift første gong med Charlotte Louise Weltzin (f. 1864, d. 1900), gift andre gong i 1902 med Oline Brun (f. 1858, d. 1913).
'''[[Ole Andreas Øverland]]''' (født 1855 i [[Trondheim]], død 1911 i [[Kristiania]]) var historikar, ikkje nyskapande, men ein popularisator med eit framifrå forfattartalent. Noregshistoria hans var eit pionerarbeid.  

== Familie ==
Foreldra var Ole Andreas Øverland og Gertine Birgitte fødd Moe. Han var gift første gong med Charlotte Louise Weltzin (1864-1900), gift andre gong i 1902 med Oline Brun (1858-1913).
== Liv og arbeid ==
Ole Andreas Øverland studerte filologi og historie i Kristiania, men han vart sjuk og kunne ikkje ta eksamen. Han var tilsett i Riksarkivet 1879–85, og her fekk han levande interesse for det rike historiske tilfanget som han stadig kom over.  

Linje 11: Linje 16:

Da Øverland i 1897 var ferdig med den store noregshistoria, vart det teke initiativ til at han fekk ei fast årsløn frå Stortinget. Trass i at han var veikhelsa heldt han fram med historieskrivinga. I 1910 ga han ut ''Det gamle Norge i billeder og tekst'', en norsk utgave av et plansjeverk med bilder av [[John William Edy]].  

== Ettermæle ==

Han vart berre 56 år gamal, men etterlét seg ein stor produksjon. Han var ikkje nokon nyskapande historikar; han var ein popularisator med eit framifrå forfattartalent. Noregshistoria hans var eit pionerarbeid av di han nytta halvgløymde kjeldeskrifter. Verket vart selt i over tjue tusen eksemplar og var med på å gje lesarane ei forståing av nasjonal identitet.

Ole Andreas Øverland er gravlagd i familiegrav på [[Vestre gravlund (Oslo)|Vestre gravlund]] i Oslo. Gravminnet er pryda med eit bronserelieff av han.

== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
* Coldevin, Axel: artikkel i ''Norsk biografisk leksikon'' bind XIX. Oslo 1983.
* Coldevin, Axel: artikkel i ''Norsk biografisk leksikon'' bind XIX. Oslo 1983.
*{{hbr1-1|pf01036392073356|Ole Andreas Øverland}}
*{{hbr1-1|pf01036392073356|Ole Andreas Øverland}}
{{Spire}}
 
{{DEFAULTSORT:Øverland, Ole Andreas}}
{{DEFAULTSORT:Øverland, Ole Andreas}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]

Sideversjonen fra 21. mar. 2021 kl. 18:44

Ole Andreas Øverland er gravlagt på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2021)
Faksimile; forsiden av Ole Andreas Øverlands hefte om Sevleguten, utgitt i 1896.

Ole Andreas Øverland (født 1855 i Trondheim, død 1911 i Kristiania) var historikar, ikkje nyskapande, men ein popularisator med eit framifrå forfattartalent. Noregshistoria hans var eit pionerarbeid.

Familie

Foreldra var Ole Andreas Øverland og Gertine Birgitte fødd Moe. Han var gift første gong med Charlotte Louise Weltzin (1864-1900), gift andre gong i 1902 med Oline Brun (1858-1913).

Liv og arbeid

Ole Andreas Øverland studerte filologi og historie i Kristiania, men han vart sjuk og kunne ikkje ta eksamen. Han var tilsett i Riksarkivet 1879–85, og her fekk han levande interesse for det rike historiske tilfanget som han stadig kom over.

Det første større arbeidet Øverland fekk trykt, var avhandlinga "Armfeldts Tog nordenfjelds 1718" (i Historisk Tidsskrift 1878). Om somrane heldt han føredrag på lærarkurs ymse stader i landet, og fekk ry som ein populær og samstundes godt kunnig historieforfattar.

Det var Jacob B. Bull som først engasjerte Øverland til å skrive ei noregshistorie. Det var meininga at verket skulle koma som tillegg til Folkebladet i ti år. Tiltaket vart møtt med stor interesse, m.a. av Johan Ernst Sars, og forleggjarar gjorde avtale med Øverland om å utgje ei større noregshistorie. Etter ei ny avtale med Folkebladet, kom verket heftevis og vart avslutta i 1898 med året 1814. Noregshistoria vart trykt i ei praktutgåve i sju band, i tillegg kom ei folkeutgåve, Illustreret Norges Historie, i tolv band og vart mykje omtykt.

Øverland var òg medutgjevar av Norske Rigsregistranter og leverte elles spesialarbeid om ulike emne, t.d. "Kristiania Arbeidersamfunn 1864–89 (1889), "Jotunheimens Oppdagelse" (1896), "Møllergutten" (1896). Desse mindre arbeida vart utgjevne som sjølvstendige hefte, i alt nærare tretti stykke. Sidan vart dei samla i fem band med tittelen Norske historiske Fortællinger.

Da Øverland i 1897 var ferdig med den store noregshistoria, vart det teke initiativ til at han fekk ei fast årsløn frå Stortinget. Trass i at han var veikhelsa heldt han fram med historieskrivinga. I 1910 ga han ut Det gamle Norge i billeder og tekst, en norsk utgave av et plansjeverk med bilder av John William Edy.

Ettermæle

Han vart berre 56 år gamal, men etterlét seg ein stor produksjon. Han var ikkje nokon nyskapande historikar; han var ein popularisator med eit framifrå forfattartalent. Noregshistoria hans var eit pionerarbeid av di han nytta halvgløymde kjeldeskrifter. Verket vart selt i over tjue tusen eksemplar og var med på å gje lesarane ei forståing av nasjonal identitet.

Ole Andreas Øverland er gravlagd i familiegrav på Vestre gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med eit bronserelieff av han.

Kjelder og litteratur