Ole Andreassen Aakre

Sideversjon per 11. feb. 2014 kl. 10:20 av Kallrustad (samtale | bidrag) (folketeljingslenkjer)
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Ole Andreassen Aakre (født 19. august 1897 i Haram, død?) var lærar og kyrkjesongar. Han var òg organist, songkorleiar og formann i helse- og fråhaldslag.

Han var son av bonde og furer Andreas B. Aakre (f. 1856) og Kristine (død før 1900), HaramsøyaSunnmøre. Ole Andreassen Aakre, som hadde to eldre brør, tok eksamen ved Voss kommunale millomskole i 1917, Statens småbrukslærarskule i 1922 og Volda lærarskule i 1928.

Aakre var lærar ved framhaldsskulen i Hovin i Telemark 1928-29 og ved framhaldsskulen i Spydeberg i Østfold 1929-30. I 1930 arbeidde han eit halvt år ved Aukra folkehøgskule. Frå januar 1931 til juli 1932 var han lærar og kyrkjesongar i Hyllestad i Ytre Sogn, og vart tilsett i same stilling i Sande på Sunnmøre 1. september 1932.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket