Ole Andreassen Aakre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Ole Andreassen Aakre, lærar og kyrkjesongar.
Foto: Norske skolefolk (1934)

Ole Magnus Andreassen Aakre (fødd 19. august 1897 i Haram, død 9. oktober 1989) var lærar og kyrkjesongar. Han var òg organist, songkorleiar og formann i helse- og fråhaldslag.

Han var son av bonde og furer Andreas B. Aakre (f. 1856) og Kristine (død før 1900), HaramsøyaSunnmøre. Ole Andreassen Aakre, som hadde to eldre brør, tok eksamen ved Voss kommunale millomskole i 1917, Statens småbrukslærarskule i 1922 og Volda lærarskule i 1928.

Aakre var lærar ved framhaldsskulen i Hovin i Telemark 1928-29 og ved framhaldsskulen i Spydeberg i Østfold 1929-30. I 1930 arbeidde han eit halvt år ved Aukra folkehøgskule. Frå januar 1931 til juli 1932 var han lærar og kyrkjesongar i Hyllestad i Ytre Sogn, og vart tilsett i same stilling i Sande på Sunnmøre 1. september 1932. I 1941 vart han varaordførar i Skudenes kommune.

Han var gift med Anna Kristine Aashammar, dotter av Johannes Aashammar og Karoline Larsdotter Aarviknes.

Kjelder og litteratur