Ole E. Hagen (1852–1908): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:


== Bakgrunn og familie ==
== Bakgrunn og familie ==
Foreldra var Erik Olsen  (fødd ca. 1818) og hustru Torø Olsdotter (fødd ca. 1820). Dei dreiv garden [[Kjekahagen]] på [[Ramstadstrond]] i Skjåk. Ole  hadde fleire sysken. Dei fem borna som var heime på garden under folketeljinga 1865, var i alderen tre til 24, og det er uvisst om dette var heile syskenflokken.  Nesteldste broren heitte også Ole (fødd 18. juli 1848)<ref>[https://media.digitalarkivet.no/view/8915/43428/160 Dåpsinnførsel for Ole d.e.] [https://media.digitalarkivet.no/view/8915/43428/106 Dåpsinnførsel for Ole d.y.]</ref>, dvs. at både farfar og morfar i familien, som båe heitte Ole, var oppkalla. Det er dess meir påfallande at eldste sonen, Johannes (fødd 1845) ikkje var oppkalla etter bestefedrane.
Foreldra var Erik Olsen  (fødd ca. 1818) og hustru Torø Olsdotter (fødd ca. 1820). Dei dreiv garden [[Kjekahagen]] på [[Ramstadstrond]] i Skjåk. Ole  hadde fleire sysken. Dei fem borna som var heime på garden under folketeljinga 1865, var i alderen tre til 24, og det er uvisst om dette var heile syskenflokken.  Nesteldste broren heitte også Ole (fødd 18. juli 1848)<ref>[https://media.digitalarkivet.no/view/8915/43428/106 Dåpsinnførsel for Ole d.e.] [https://media.digitalarkivet.no/view/8915/43428/160 Dåpsinnførsel for Ole d.y.]</ref>, dvs. at både farfar og morfar i familien, som båe heitte Ole, var oppkalla. Det er dess meir påfallande at eldste sonen, Johannes (fødd 1845) ikkje var oppkalla etter bestefedrane.


I folketeljinga 1875 har Johannes overteke som gardbrukar i Kjekahagen. Foreldra er på føderåd, og tre av syskena bur framleis heime. Av dei er Ole d.y., som er oppført som handelskar. Den eldre Ola har vi ikkje funne i teljinga for Skjåk. I folketeljinga 1900 er faren framleis føderådsmann i Kjekahagen, men ingen andre av familien bur der, og det er andre folk som er brukarar på garden.
I folketeljinga 1875 har Johannes overteke som gardbrukar i Kjekahagen. Foreldra er på føderåd, og tre av syskena bur framleis heime. Av dei er Ole d.y., som er oppført som handelskar. Den eldre Ola har vi ikkje funne i teljinga for Skjåk. I folketeljinga 1900 er faren framleis føderådsmann i Kjekahagen, men ingen andre av familien bur der, og det er andre folk som er brukarar på garden.

Sideversjonen fra 12. mar. 2017 kl. 16:58

Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Ole Eriksen Hagen (fødd i Skjåk 7. august 1852 død 21. november 1908 i Minnesota) var ein bondegut frå Skjåk som emigrerte til Amerika. Han vart kjend som forfattar og journalist med radikale meiningar i politikk og religiøse spørsmål. Han må ikkje forvekslast med den nesten jamgamle namnebroren professor Ole Eriksen Hagen (1850-1927) som også var fødd i Skjåk og som også emigrerte til Midtvesten.

Bakgrunn og familie

Foreldra var Erik Olsen (fødd ca. 1818) og hustru Torø Olsdotter (fødd ca. 1820). Dei dreiv garden KjekahagenRamstadstrond i Skjåk. Ole hadde fleire sysken. Dei fem borna som var heime på garden under folketeljinga 1865, var i alderen tre til 24, og det er uvisst om dette var heile syskenflokken. Nesteldste broren heitte også Ole (fødd 18. juli 1848)[1], dvs. at både farfar og morfar i familien, som båe heitte Ole, var oppkalla. Det er dess meir påfallande at eldste sonen, Johannes (fødd 1845) ikkje var oppkalla etter bestefedrane.

I folketeljinga 1875 har Johannes overteke som gardbrukar i Kjekahagen. Foreldra er på føderåd, og tre av syskena bur framleis heime. Av dei er Ole d.y., som er oppført som handelskar. Den eldre Ola har vi ikkje funne i teljinga for Skjåk. I folketeljinga 1900 er faren framleis føderådsmann i Kjekahagen, men ingen andre av familien bur der, og det er andre folk som er brukarar på garden.

Ole Hagen d.y. gifta seg den 14. oktober 1876[2] med Beret Pålsdotter frå Øverli i Lom (fødd i Lom 13. desember 1851, død 22. desember 1900), dotter av Pål Erlandsen Øverli og Mari Kristensdotter Øverli.

Ole og Beret fekk åtte born. Dei to eldste var fødde i høvesvis Skjåk (Erik 1877) og Lom (Pål, 1879). Det siste barnet var fødd i 1892.

Bustader i Amerika

Ole og Beret Hagen med dei to borna dei til da hadde fått, emigrerte til USA i 1881. Det tredje barnet, som også heitte Pål (Paul) var fødd i Winnebago, Minnesota på slutten av det året. I 1883 flytta familien til byen i Crookston i Polk County, Minnesota. Der skal Hagen ha arbeidd som ”contractor”, utan at det er spesifisert kva som låg i den yrkesnemninga. Fem born var fødde der, inklusive den yngste (Inga Severine 1892). Familien har også truleg budd i Polk County i åra 1896-1901, da Hagen i den perioden var skifterettsdommar for Polk County. På bakgrunn av avisarbeidet hans (sjå nedanfor) må vi gå ut frå at Hagen har budd også i Fergus Falls, Minnesota (frå 1893) og i Fargo, North Dakota.

Som enkjemann flytta Hagen i 1903 til Roseau County nord i Minnesota, der han homesteaded i Palmville Township. Der vart han vald til auditor (revisor) i fylket i 1908, men døydde same året utan å ha fått teke til i stillinga.

Avismann og forfattar

I Midtvesten vart Hagen kjend som journalist og romanforfattar, med radikale meiningar, ikkje minst med brodd mot kyrkje og religion. Saman med ein annan norskamerikanar, Torkel Oftelie frå Høydalsmo i Tokke i Telemark, starta han i 1893 det norskspråklege vekebladet Rodhuggeren i Fergus Falls, Otter Tail County, Minnesota. Bladet gav politisk støtte til det populistiske partiet The People’s Party. I 1898 flytta redaksjonen til Fargo, North Dakota. Der var Rodhuggeren slege saman med eit to andre norskspråklege blad i Fargo, Fjerde Juli og Dakota, Det nye vekebladet fekk namnet Fram, og Hagen var med i redaksjonen også der.

Hagens skjønnlitterære produksjon var ei rekkje romanar med samfunnskritisk, kulturradikal tendens, noko som vel framgår av titlar som Kapitalisdjævelen, Prestedom og Kristendom og Fritænkeren, Presten og Klokkeren. I romanen Tilfjelds går han til åtak mellom anna på husmannsvesenet, kjønnsrollemønsteret og det generelle sneversynet han mintest frå heimbygda i Noreg.

Referansar

Kjelder og litteratur