Ole E. Hagen (1852–1908)

Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Ole Eriksen Hagen (fødd i Skjåk 7. august 1852 død 21. november 1908 i Minnesota) var ein bondegut frå Skjåk som emigrerte til Amerika. Han vart kjend som forfattar og journalist med radikale meiningar i politikk og religiøse spørsmål. Han må ikkje forvekslast med den nesten jamgamle namnebroren professor Ole Eriksen Hagen (1850-1927) som også var fødd i Skjåk og som også emigrerte til Midtvesten.

Bakgrunn og familie

Foreldra var Erik Olsen (fødd ca. 1818) og hustru Torø Olsdotter (fødd ca. 1820). Dei dreiv garden KjekahagenRamstadstrond i Skjåk. Ole hadde fleire sysken. Dei fem borna som var heime på garden under folketeljinga 1865, var i alderen tre til 24, og det er uvisst om dette var heile syskenflokken. Nesteldste broren heitte også Ole (fødd 18. juli 1848)[1], dvs. at både farfar og morfar i familien, som båe heitte Ole, var oppkalla. Det er dess meir påfallande at eldste sonen, Johannes (fødd 1845) ikkje var oppkalla etter bestefedrane.

I folketeljinga 1875 har Johannes overteke som gardbrukar i Kjekahagen. Foreldra er på føderåd, og tre av syskena bur framleis heime. Av dei er Ole d.y., som er oppført som handelskar. Den eldre Ola har vi ikkje funne i teljinga for Skjåk. I folketeljinga 1900 er faren framleis føderådsmann i Kjekahagen, men ingen andre av familien bur der, og det er andre folk som er brukarar på garden.

Ole Hagen d.y. gifta seg den 14. oktober 1876[2] med Beret Pålsdotter frå Øverli i Lom (fødd i Lom 13. desember 1851, død 22. desember 1900), dotter av Pål Erlandsen Øverli og Mari Kristensdotter Øverli.

Ole og Beret fekk åtte born. Dei to eldste var fødde i høvesvis Skjåk (Erik 1877) og Lom (Pål, 1879). Det siste barnet var fødd i 1892.

Bustader i Amerika

Ole og Beret Hagen med dei to borna dei til da hadde fått, emigrerte til USA i 1881. Det tredje barnet, som også heitte Pål (Paul) var fødd i Winnebago, Minnesota på slutten av det året. I 1883 flytta familien til byen i Crookston i Polk County, Minnesota. Der skal Hagen ha arbeidd som ”contractor”, utan at det er spesifisert kva som låg i den yrkesnemninga. Fem born var fødde der, inklusive den yngste (Inga Severine 1892). Familien har også truleg budd i Polk County i åra 1896-1901, da Hagen i den perioden var skifterettsdommar for Polk County. På bakgrunn av avisarbeidet hans (sjå nedanfor) må vi gå ut frå at Hagen har budd også i Fergus Falls, Minnesota (frå 1893) og i Fargo, North Dakota.

Som enkjemann flytta Hagen i 1903 til Roseau County nord i Minnesota, der han homesteaded i Palmville Township. Der vart han vald til auditor (revisor) i fylket i 1908, men døydde same året utan å ha fått teke til i stillinga.

Avismann og forfattar

I Midtvesten vart Hagen kjend som journalist og romanforfattar, med radikale meiningar, ikkje minst med brodd mot kyrkje og religion. Saman med ein annan norskamerikanar, Torkel Oftelie frå Høydalsmo i Tokke i Telemark, starta han i 1893 det norskspråklege vekebladet Rodhuggeren i Fergus Falls, Otter Tail County, Minnesota. Bladet gav politisk støtte til det populistiske partiet The People’s Party. I 1898 flytta redaksjonen til Fargo, North Dakota. Der var Rodhuggeren slege saman med eit to andre norskspråklege blad i Fargo, Fjerde Juli og Dakota, Det nye vekebladet fekk namnet Fram, og Hagen var med i redaksjonen også der.

Hagens skjønnlitterære produksjon var ei rekkje romanar med samfunnskritisk, kulturradikal tendens, noko som vel framgår av titlar som Kapitalisdjævelen, Prestedom og Kristendom og Fritænkeren, Presten og Klokkeren. I romanen Tilfjelds går han til åtak mellom anna på husmannsvesenet, kjønnsrollemønsteret og det generelle sneversynet han mintest frå heimbygda i Noreg.

Referansar

Kjelder og litteratur