Ole Elias Holck: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 40: Linje 40:

Historikaren Knut Mykland skriv at Holck skreiv eit grunnlovsutkast etter at han var vald av regimentet sitt, der han gjekk inn for ei eineveldig statsform.<ref>Mykland, K. 1980:331-332.</ref> Han skal ha sendt dette på høyring til dei andre offiserane i regimentet, og ba om at dei måtte gje det til kjenne om dei ikkje delte hans syn på dette. Det framgår av dagboka til Holck under 3. mars 1814 at han hadde vendt seg til «mine samtlige Herrer Regimentskammerater» vedrørande hans oppdrag på Eidsvoll, men det framgår ikkje noko saksstandpunkt der. Berre ein av offiserane, kaptein Aarestrup, gav uttrykk for usemje, skriv Mykland. I følgje same historikar skreiv Holck ei tale til riksforsamlinga der også konklusjonen var at eineveldet var den gunstigaste styreforma. Men talen vart ikkje halden, og det framgår ikkje av riksforsamlinga sine forhandlingar at Holck faktisk gjekk inn for ei anna statsform enn det som vart vedteke.

== Stortingsmann ==
== Stortingsmann ==
Holck representerte Nordre Bergenhus amt på stortinga 1818, 1824 og igjen i 1839. Han var varamann til stortinga 1815-1816 og i 1836. I 1818 var han medlem av Lagtinget og i 12 komitear, derunder komiteane for bank- og pengevesenet og for embetsgardsspørsmålet. Han var dessutan medlem av Stortingets deputasjon til kroningsseremonien i Stockholm da Karl Johan steig på trona i 1818. I 1824 var Holck mellom mykje anna medlem i militærkomiteen. Halvdan Koht meiner at Holck ikkje spela nokor framståande rolle på stortinga, men at han ikkje uventa viste størst interessert for hærordningsspørsmålet, der han gjekk sterkt inn for allmenn verneplikt.

== Gardbrukar ==
== Gardbrukar ==
== Kulturvernarbeid ==
== Kulturvernarbeid ==
I likskap med mange av sine offiserskollegaer på denne tida, synte Holck hadde stor interesse for historie og fortidsminne. Han skreiv ei lita avhandling om Gulatinget i [[Budstikken]] 1824. Da Bergens Museum opna i 1825, gav han til dette ei samling [[diplom]], våpen og andre oldsaker. Frå 1834 var han medarbeidar i det nystarta arkeologiske tidsskriftet [[Urda]].
== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*Hagen, Johan: «Offiser og eidsvollsmann - Ole Elias Holck» i ''Sogeskrift frå Hyllestad 2011''.
*Hagen, Johan: «Offiser og eidsvollsmann - Ole Elias Holck» i ''Sogeskrift frå Hyllestad 2011''.
Linje 52: Linje 54:
*Lundeland, Magnus: Generaladjutant Ole Elias Holck - Kurer, Eidsvollsmann og distriktssjef, i ''Sogeskrift frå Hyllestad'', hefte 5 1987.
*Lundeland, Magnus: Generaladjutant Ole Elias Holck - Kurer, Eidsvollsmann og distriktssjef, i ''Sogeskrift frå Hyllestad'', hefte 5 1987.
*Ovenstad, Olai: ''Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd I. Oslo 1948.
*Ovenstad, Olai: ''Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd I. Oslo 1948.
*Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schni''tlers kapittel om eidsvollsmennene i ''Eidsvold 1814''. Kristiania 1914.  
*Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i ''Eidsvold 1814''. Kristiania 1914.  
== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>

Sideversjonen fra 22. jan. 2014 kl. 13:22

Ole Elias Holck (fødd i Hyllestad 6. januar 1774, død 14. juli 1842 i Lavik i Høyanger) var offiser og proprietær, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. På Eidsvoll var han talsmann for ei sterk kongemakt, og skal ha utarbeidd eit grunnlovsutkast basert på ei eineveldig styreform. Holck utmerka seg som militær både i krigen 1808 og i 1814, og enda yrkeskarrieren som generaladjutant. Holck var historisk og antikvarisk interessert, og dreiv aktivt arbeid innan det som i dag heiter kulturvernarbeid. Han gjorde garden sin, Alvera i Lavik, til eit mønsterbruk.

Familie og oppvekst

Ole Elias Holck var fødd på garden Leirvik (gnr. 99)i Hyllestad. Foreldra var Hans Henrik Hornemann Holck (1735-1809) og Martha Margrete Midelfart Tostrup (1748-1838). Faren var offiser, og overtok Leirvik etter broren i 1868. Frå året etter til han gjekk av med pensjon i 1786, var Hans Henrik H. Holck kaptein og sjef for Vestre ytre sognske kompani.

Ole Elias var den tredje i ein syskenflokk på i alt 14 born, men fleire av syskena døydde som barn.

Han gifta seg 18. august 1812 med med Karen Sophie Hansen (1786–1873). Ho var dotter til fut i Sogn Simon Hansen (1740–1805) og Christine Finde Harberg (1747–1835). Ekteparet Holck overtok farsgarden hennar, Alvera (Alværa, Alvern, Alværn) i Lavik. Dei fekk tre born. Dottera Christine Finde Holck og hennar ektemann kaptein Peder Fridrik Hartvik overtok garden frå mor hennar i 1855.

Militær karriere

Som smågut vart Ole Elias send til Bergen der han fekk utdanning og militær opplæring hjå major Niels Todal.[1] Det framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder om han gjekk Krigsskulen. Han gjorde fyrste befalsteneste som sersjant ved Ytre Sognske kompani av 1. Bergenhuiske nasjonale infanteriregiment. Vidare militært avansement kan oppsummerast som følgjer:

  • 1789: Fenrik a la suite (ikkje i stilling)ved Bergenhusiske regiment (1. og 2 Bergenhusiske slegne saman frå 1. mai det året).
  • 1790: Sekondløytnant karakterisert (grad, men ikkje i tilsvarande stilling).
  • 1794: Verkeleg fenrik ved regimentets 2. gevorbne grenaderkompani 1794.
  • 1797: Verkeleg sekondløytnant ved Sogndalske kompani.
  • 1799: Tilbake til 2. gev. gren.kp.
  • 1800: Premierløytnant karakterisert.
  • 1801: Verkeleg premierløytnant ved Nordre Nordhordlenske kompani.
  • 1802: Til Ytre sognske kompani.
Da England gjekk til åtak på Danmark midt i august i 1807, sende kronsprins Frederik Holck som kurer til Noreg med melding om krigsutbrotet til kommanderande general i Noreg prins Christian August. Holck starta frå Kiel 17. august, og nådde tak i prinsen nær Christiania etter ei dryg vekes strabasiøs ferd. Kronprins Frederik løna løytnant Holck med 50 riksdalar for dette, og befalte han til teneste ved sitt regiment.
  • 1808: Stabskaptein ved Kronens regiment i København.
  • 1808-1809: I teneste som adjutant ved major Cardoffs divisjon i København under krigen.
  • 1809: Kaptein ved Bergenhusiske nasjonale infanteriregiment og sjef for Søndre sunnfjordske kompani. Han var framleis i Danmark.
  • 1810: Sjef for Ytre sognske kompani.
  • 1814: I teneste ved ein av dei to bergenhusiske feltbataljonane som låg i Østfold da meldinga om Kielfreden kom. Han tenestegjorde også i dei traktene under krigen mot Sverige juli-august, etter at han hadde delteke på riksforsamlinga på Eidsvoll.
  • 1815: Major og sjef for Sognske bataljon.
  • 1818: Oberstløytnant (karakterisert?) og «bestyrer» av Sunnfjordske nasjonale musketerkorps av Bergenske infanteribrigade.
  • 1819: Verkeleg oberstløytnant og sjef for korpset.
  • 1828: Oberst.
  • 1834: Generaladjutant. «Adjutant» var eigentleg ikkje ein grad, men ei stilling. I dette tilfelle var det likevel helst ein honorær tittel mellom oberst og generalmajor. Så vidt vi veit, tenestegjorde ikkje Holck som generaladjutant, som på denne tida var tittelen på stillinga som styrar for den norske hæren på vegne av øvstkommanderande (statthaldaren/Kongen).

Eidsvoll 1814 - for ei sterk kongemakt?

Holck og hans avdeling gjorde eid til sjølvstendet i Skiptvet kyrkje den 25. februar. Tre dagar etter vart han vald til å representere regimentet ved riksforsamlinga på Eidsvoll saman med menig musketer Nils Johansen Loftesnæs. Det viste seg at også ein annan, obersløytnant Torbjørn Ludvig Synnestvedt var møtt fram som representant for Bergenhusiske regiment. Da det berre var mandat til ein offiser av regimentet, vart valet avgjort ved loddtrekking, og Holck fekk oppdraget.

Holck gjorde seg betydeleg gjeldande som ein tilhengar av sjølvstendelinja. Under debatten om fyrste grunnsetninga for grunnlova den 16. april, fremja Holck det forslaget som skapte den fyrste tydelege delinga mellom sjølvstendepartiet og unionspartiet. Til Falsens formulering om at Noreg skulle veere eit innskrenka og arveleg monarki, fekk Holck fleirtal for tillegget om at rikets regent skulle heite konge. Dette vart tolka som at rikssjølvstendet dermed var fastslått.

Han deltok aktivt i fleire debattar, og markerte seg særleg sterkt som forsvarar av odelsretten.

Historikaren Knut Mykland skriv at Holck skreiv eit grunnlovsutkast etter at han var vald av regimentet sitt, der han gjekk inn for ei eineveldig statsform.[2] Han skal ha sendt dette på høyring til dei andre offiserane i regimentet, og ba om at dei måtte gje det til kjenne om dei ikkje delte hans syn på dette. Det framgår av dagboka til Holck under 3. mars 1814 at han hadde vendt seg til «mine samtlige Herrer Regimentskammerater» vedrørande hans oppdrag på Eidsvoll, men det framgår ikkje noko saksstandpunkt der. Berre ein av offiserane, kaptein Aarestrup, gav uttrykk for usemje, skriv Mykland. I følgje same historikar skreiv Holck ei tale til riksforsamlinga der også konklusjonen var at eineveldet var den gunstigaste styreforma. Men talen vart ikkje halden, og det framgår ikkje av riksforsamlinga sine forhandlingar at Holck faktisk gjekk inn for ei anna statsform enn det som vart vedteke.

Stortingsmann

Holck representerte Nordre Bergenhus amt på stortinga 1818, 1824 og igjen i 1839. Han var varamann til stortinga 1815-1816 og i 1836. I 1818 var han medlem av Lagtinget og i 12 komitear, derunder komiteane for bank- og pengevesenet og for embetsgardsspørsmålet. Han var dessutan medlem av Stortingets deputasjon til kroningsseremonien i Stockholm da Karl Johan steig på trona i 1818. I 1824 var Holck mellom mykje anna medlem i militærkomiteen. Halvdan Koht meiner at Holck ikkje spela nokor framståande rolle på stortinga, men at han ikkje uventa viste størst interessert for hærordningsspørsmålet, der han gjekk sterkt inn for allmenn verneplikt.

Gardbrukar

Kulturvernarbeid

I likskap med mange av sine offiserskollegaer på denne tida, synte Holck hadde stor interesse for historie og fortidsminne. Han skreiv ei lita avhandling om Gulatinget i Budstikken 1824. Da Bergens Museum opna i 1825, gav han til dette ei samling diplom, våpen og andre oldsaker. Frå 1834 var han medarbeidar i det nystarta arkeologiske tidsskriftet Urda.

Kjelder og litteratur

  • Hagen, Johan: «Offiser og eidsvollsmann - Ole Elias Holck» i Sogeskrift frå Hyllestad 2011.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Holck i Norsk biografisk leksikon 1934.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bind I, 1. del. Kristiania 1914.
  • Lundeland, Magnus: Generaladjutant Ole Elias Holck - Kurer, Eidsvollsmann og distriktssjef, i Sogeskrift frå Hyllestad, hefte 5 1987.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd I. Oslo 1948.
  • Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.

Referansar

  1. Ovenstad, Hagen, J. 2011:41.
  2. Mykland, K. 1980:331-332.