Ole Elias Holck: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 33: Linje 33:


== Eidsvoll 1814 - for ei sterk kongemakt? ==
== Eidsvoll 1814 - for ei sterk kongemakt? ==
Holck og hans avdeling gjorde eid til sjølvstendet i [[Skiptvet]] kyrkje den 25. februar.<ref>Holcks dagbok.</ref> Tre dagar etter vart han vald til å representere regimentet ved Riksforsamlinga saman med menig musketer [[Nils Johansen Loftesnæs]]. Det viste seg at også ein annan offiser, oberstløytnant [[Torbjørn Ludvig Synnestvedt|(Torbjørn Ludvig?) Synnestvedt]] var møtt fram på Eidsvoll som representant for Bergenhusiske regiment. Da det berre var mandat til ein offiser av regimentet, vart valet avgjort ved loddtrekking, og Holck fekk oppdraget.<ref>Holcks dagbok.</ref>
Holck og hans avdeling gjorde eid til sjølvstendet i [[Skiptvet]] kyrkje den 25. februar.<ref>Holcks dagbok.</ref> Tre dagar etter vart han vald til å representere regimentet ved Riksforsamlinga saman med menig musketer [[Nils Johansen Loftesnæs]]. Det viste seg at også ein annan offiser, oberstløytnant [[Torbjørn Ludvig Synnestvedt|(Torbjørn Ludvig?) Synnestvedt]] var møtt fram på Eidsvoll som representant for Bergenhusiske regiment. Da det berre var mandat til ein offiser av regimentet, vart valet avgjort ved loddtrekking, og Holck fekk oppdraget.<ref>Holcks dagbok 8. april.</ref>


Holck var aktiv i Riksforsamlinga med standpunkt for sjølvstendelinja. Under debatten om fyrste grunnsetninga for grunnlova den 16. april, fremja Holck det forslaget som skapte den fyrste tydelege delinga mellom [[sjølvstendepartiet]] og [[unionspartiet]]. Til [[Christian Magnus Falsen|Falsens]] formulering om at Noreg skulle veere eit innskrenka og arveleg monarki, fekk Holck fleirtal for tillegget om at rikets regent skulle heite konge. Dette vart tolka som at rikssjølvstendet dermed var fastslått.
Holck var aktiv i Riksforsamlinga med standpunkt for sjølvstendelinja. Under debatten om fyrste grunnsetninga for grunnlova den 16. april, fremja Holck det forslaget som skapte den fyrste tydelege delinga mellom [[sjølvstendepartiet]] og [[unionspartiet]]. Til [[Christian Magnus Falsen|Falsens]] formulering om at Noreg skulle veere eit innskrenka og arveleg monarki, fekk Holck fleirtal for tillegget om at rikets regent skulle heite konge. Dette vart tolka som at rikssjølvstendet dermed var fastslått.

Sideversjonen fra 24. jan. 2014 kl. 06:51

Mal:Thumb høyreOle Elias Holck (fødd i Hyllestad 6. januar 1774, død 14. juli 1842 i Lavik i Høyanger) var offiser og proprietær, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. På Eidsvoll var han talsmann for ei sterk kongemakt, og skal ha utarbeidd eit grunnlovsutkast basert på ei eineveldig styreform. Holck utmerka seg som militær både i krigen 1808 og i 1814, og enda yrkeskarrieren som generaladjutant. Holck var historisk og antikvarisk interessert, og dreiv aktivt arbeid innan det som i dag heiter kulturvernarbeid. Han gjorde garden sin, Alværa i Lavik, til eit mønsterbruk.

Familie og oppvekst

Han var fødd på garden Leirvik (gnr. 99) i Hyllestad.[1] Foreldra var Hans Henrik Hornemann Holck (1735-1809) og Martha Margrete Midelfart Tostrup (1748-1838). Faren var offiser, og overtok Leirvik etter broren i 1768. Frå året etter til han gjekk av med pensjon i 1786, var Hans Henrik H. Holck kaptein og sjef for Vestre ytre sognske kompani.

Ole Elias var den tredje i ein syskenflokk på i alt 14 born, men fleire av syskena døydde som barn. Ole Elias har truleg budd ein del heime på Leirvik medan han var i teneste som ung offiser ved avdelingar i distriktet. Iallfall er han registrert der i folketeljinga 1801.[2]

Han gifta seg 18. august 1812 med Karen Sophie Hansen (1786–1873). Ho var dotter til fut i Sogn Simon Hansen (1740–1805) og Christine Finde Harberg (1747–1835). Ekteparet Holck overtok farsgarden hennar, Alværa (Alvera, Alvern, Alværn) i Lavik. Dei fekk tre born. Dottera Christine Finde Holck og hennar ektemann kaptein Peder Fridrik Hartvik overtok garden frå mor hennar i 1855.

Militær karriere

Som smågut vart Ole Elias send til Bergen der han fekk utdanning og militær opplæring hjå major Niels Todal.[3] Det framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder om han gjekk Krigsskulen. Han gjorde fyrste befalstenesta si som sersjant ved Ytre sognske kompani av 1. Bergenhusiske nasjonale infanteriregiment. Vidare militært avansement kan oppsummerast som følgjer:

  • 1789: Fenrik a la suite (mellombels utan stilling) ved Bergenhusiske regiment (1. og 2 Bergenhusiske slegne saman frå 1. mai det året).
  • 1790: Karakterisert sekondløytnant (grad, men ikkje i tilsvarande stilling).
  • 1794: Verkeleg fenrik ved regimentets 2. gevorbne grenaderkompani 1794.
  • 1797: Verkeleg sekondløytnant ved Sogndalske kompani.
  • 1799: Tilbake til 2. gev. gren.kp.
  • 1800: Karakterisert5 premierløytnant.
  • 1801: Verkeleg premierløytnant ved Nordre Nordhordlenske kompani.
  • 1802: Til Ytre sognske kompani.
Da England gjekk til åtak på Danmark midt i august i 1807, sende kronsprins Frederik Holck som kurer til Noreg med melding om krigsutbrotet til prins Christian August, kommanderande general i Noreg. Holck starta frå Kiel 17. august, og nådde tak i prinsen nær Christiania etter ei dryg vekes strabasiøs ferd. Kronprins Frederik løna løytnant Holck med 50 riksdalar for dette, og befalte han til teneste ved sitt regiment.
  • 1808: Stabskaptein ved Kronens regiment i København.
  • 1808-1809: I teneste som adjutant ved major Cardoffs divisjon i København under krigen.
  • 1809: Kaptein ved Bergenhusiske nasjonale infanteriregiment og sjef for Søndre sunnfjordske kompani. Han var framleis ei tid i Danmark.
  • 1810: Sjef for Ytre sognske kompani.
  • 1814: I teneste ved ein av dei to bergenhusiske feltbataljonane som låg i Østfold da meldinga om Kielfreden kom. Han tenestegjorde også i dei traktene under krigen mot Sverige juli-august, etter at han hadde delteke i Riksforsamlinga på Eidsvoll.
  • 1815: Major og sjef for Sognske bataljon.
  • 1818: Oberstløytnant (karakterisert?) og «bestyrer» av Sunnfjordske nasjonale musketerkorps av Bergenske infanteribrigade.
  • 1819: Verkeleg oberstløytnant og sjef for korpset.
  • 1828: Oberst.
  • 1834: Generaladjutant. («Adjutant» var eigentleg ikkje ein grad, men ei stilling. I dette tilfelle var det likevel helst ein honorær tittel mellom oberst og generalmajor. Så vidt vi veit, tenestegjorde ikkje Holck i stilling som generaladjutant. På denne tida var Generaladjutanten for den norske armeen den som hadde kommandoen over den norske hærmakta på vegne av øvstkommanderande (statthaldaren/Kongen).)

Eidsvoll 1814 - for ei sterk kongemakt?

Holck og hans avdeling gjorde eid til sjølvstendet i Skiptvet kyrkje den 25. februar.[4] Tre dagar etter vart han vald til å representere regimentet ved Riksforsamlinga saman med menig musketer Nils Johansen Loftesnæs. Det viste seg at også ein annan offiser, oberstløytnant (Torbjørn Ludvig?) Synnestvedt var møtt fram på Eidsvoll som representant for Bergenhusiske regiment. Da det berre var mandat til ein offiser av regimentet, vart valet avgjort ved loddtrekking, og Holck fekk oppdraget.[5]

Holck var aktiv i Riksforsamlinga med standpunkt for sjølvstendelinja. Under debatten om fyrste grunnsetninga for grunnlova den 16. april, fremja Holck det forslaget som skapte den fyrste tydelege delinga mellom sjølvstendepartiet og unionspartiet. Til Falsens formulering om at Noreg skulle veere eit innskrenka og arveleg monarki, fekk Holck fleirtal for tillegget om at rikets regent skulle heite konge. Dette vart tolka som at rikssjølvstendet dermed var fastslått.

Han deltok aktivt i fleire debattar, og markerte seg særleg sterkt som forsvarar av odelsretten.

I følgje historikaren Knut Mykland utarbeidde Holck eit grunnlovsutkast etter at han var vald av regimentet sitt, der han gjekk inn for ei eineveldig statsform.[6] Han skal så ha sendt dette på høyring til dei andre offiserane i regimentet, med oppmoding om å seie frå dei ikkje delte hans syn på dette. Det framgår av dagboka til Holck under 3. mars 1814 at han hadde vendt seg til «mine samtlige Herrer Regimentskammerater» vedrørande hans oppdrag på Eidsvoll, men det framgår ikkje noko saksstandpunkt der. Berre ein av offiserane, kaptein Peter Nicolai (?) Aarestrup, gav uttrykk for usemje, skriv Mykland. I følgje same historikar skreiv Holck ei tale til riksforsamlinga der også konklusjonen var at eineveldet var den gunstigaste styreforma. Men talen vart ikkje halden, og det framgår ikkje av riksforsamlinga sine forhandlingar at Holck faktisk gjekk inn for ei anna statsform enn det som vart vedteke.

Stortingsmann

Holck representerte Nordre Bergenhus amt på stortinga 1818, 1824 og igjen i 1839. Han var varamann til stortinga 1815-1816 og i 1836. I 1818 var han medlem av Lagtinget og i 12 komitear, derunder komiteane for bank- og pengevesenet og for embetsgardsspørsmålet. Han var dessutan medlem av Stortingets deputasjon til kroningsseremonien i Stockholm da Karl Johan steig på trona i 1818. I 1824 var Holck mellom mykje anna medlem i militærkomiteen. Halvdan Koht meiner at Holck ikkje spela nokor framståande rolle på stortinga, men at han ikkje uventa viste størst interessert for hærordningsspørsmålet, der han gjekk sterkt inn for allmenn verneplikt.

Gardbrukar

Holck var en ivrig og interessert gardbrukar på Alvera. Mellom anna laga han eit godt planlagt grøftingssystem der. Det heiter seg at han gjerne tok del i det fysiske arbeidet på garden når det høvde slik. Frå hans brukartid er det oppgjeve at garden hadde ein buskap på 2 hestar, 16 kyr, 7 ungfe, 50 sauer og 30 geiter. Jorda gav ei avling på 40 tønner korn og 35 tønner poteter. Det vil seie at det var ein stor gard i vestlandsk målestokk.

Kulturvernarbeid og lokal aktivitet

I likskap med mange av sine offiserskollegaer på denne tida, synte Holck hadde stor interesse for historie og fortidsminne. Han skreiv ei lita avhandling om Gulatinget i Budstikken 1824. Da Bergens Museum opna i 1825, gav han til dette ei samling diplom, våpen og andre oldsaker. Frå 1834 var han medarbeidar i det nystarta arkeologiske tidsskriftet Urda. På denne tida (1834-1835) utarbeidde han ei topografisk avhandling om Lavik prestegjeld, som fyrst vart trykt i Tidsskrift for historielaget for Sogn i 1968.

I 1830-åra var han også formann i Lavik sokneselskap.[7]

Kjelder og litteratur

  • Hagen, Johan: «Offiser og eidsvollsmann - Ole Elias Holck» i Sogeskrift frå Hyllestad 2011.
  • Holck, Ole Elias: Dagbok for året 1814, utg. av Ludvig Daae i Historiske Samlinger, bd. 2. Den Norske Historiske Kildeskriftkommission, Christiania 1907.
  • Holck, Ole Elias: «Forsøg til en Beskrivelse over Ladvig Præstegield i Sogn Fogderie, Nordre Bergenhuus Amt», manus frå 1834-1835, trykt i Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn nr. 22, 1968. Med merknader av Per Fett og skriftstyret.
  • Kelmer, Inger og Førsund, Finn B.: Hyllestad bygdebok. Soga om folket bd. 2. Hyllestad kommune 1993.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Holck i Norsk biografisk leksikon 1934.
  • Leirnes, Leif: «Alværa» i Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, bd. III Bygdesoge. 1978.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bind I, 1. del. Kristiania 1914.
  • Lundeland, Magnus: Generaladjutant Ole Elias Holck - Kurer, Eidsvollsmann og distriktssjef, i Sogeskrift frå Hyllestad, hefte 5 1987.
  • Mykland, Knut: Kampen om Norge 1784-1814. Norges historie bd. 9. Cappelen, Oslo 1980.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd I. Oslo 1948.
  • Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.
  • Torvund, Anders O.: Ættebok for Lavik. Utg. av bygdesogenemnda for Kyrkjebø. Bergen 1983.

Referansar

  1. Kellmer, I. og Førsund, F.B. 1993:495.
  2. Folketeljinga 1801 for Eivindvik.
  3. Ovenstad, Hagen, J. 2011:41.
  4. Holcks dagbok.
  5. Holcks dagbok 8. april.
  6. Mykland, K. 1980:331-332.
  7. Liste over Holcks privatarkiv ved Sogn og Fjordane fylkesarkiv (SSF 88072).