Ole Hansson Urdahl: Forskjell mellom sideversjoner
(→Kjelder og litteratur: lensmannsboks) |
m (kategorisplitting) |
||
Linje 26: | Linje 26: | ||
{{DEFAULTSORT:Urdahl, Ole Hansson}} | {{DEFAULTSORT:Urdahl, Ole Hansson}} | ||
[[Kategori:Personer | [[Kategori:Personer]] | ||
[[kategori:Luster kommune]] | |||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Lensmenn]] | [[Kategori:Lensmenn]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1798]] | [[Kategori:Fødsler i 1798]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1891]] | [[Kategori:Dødsfall i 1891]] |
Sideversjonen fra 16. apr. 2013 kl. 11:09
Ole Hansson Urdahl (fødd 1798, død 1891) var gardbrukar og lensmann i Luster i Sogn og Fjordane.
Urdahl voks opp på Bringe som eldste son av seinare lensmann og stortingsrepresentant Hans Arneson Urdahl (1769-1829) og Anna Hansdotter (1765-1803).
Urdahl vart alt som 18-åring i 1816 tilsett som lensmann i Jostedalen etter faren. I 1835 sette han seg opp ei stove i Sperla i Jostedalen som han nytta på embetsreiser. Ved eit makebyte i 1846 fekk han hand om den delen av bruket som låg i Sperløyane. Stova han sette opp her, var truleg den han hadde hatt i Sperla. Han hadde likevel ikkje embetet lenge etter dette. I 1850 slutta han som lensmann, og i 1853 selde han Sperløyane. I Jostedalen åtte han òg bruket Nigard (bnr. 3) 1839-1841, men budde aldri der.
Urdahl var gift med Margretha Lassesdotter (1793-1847). Ho voks opp på Leri som dotter av Lasse Olson Lerum (1753-1819) og Gjertrud Andersdotter (1769-1823).
Då mora døydde i 1823, vart heimebruket på Leri skøytt til Margretha, og Ole og Margretha flytte då hit. Margretha døydde i 1847, og Ole Urdahl dreiv bruket til sonen Hans Olson Urdahl tok over i 1850. Ole Urdahl flytte då til Sandvik i Gaupne og vart gardbrukar der. Han budde på Sandvik levetida ut.
Ole Urdahl var far til Hans Olson Urdahl (1824-1878) og farfar til læraren Per Urdahl (1854-1935) som etter tur overtok og dreiv Leri.
Kjelder og litteratur
- Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 312-313
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 173, 180 og 615. (Digital utgåve, NBdigital)
Forgjengar: Hans Arneson Urdahl |
Lensmenn i Jostedalen |
Etterfølgjar: Lars Rasmusson Faaberg |