Ole Ingebrigtsen Strømme

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. jul. 2012 kl. 09:55 av Kallrustad (samtale | bidrag) (lenker til folketeljingar)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Ingebrigtsen Strømme (fødd 23. februar 1876 i Sykkylven, død 17. februar [1936]]) var lærar og gardbrukar og ein typisk representant for den utdanna lærarstanden kring det førre hundreårsskiftet. Som så mange av dei, kom Strømme frå enkle kår. Han vaks opp på Strømmebruket i Straumgjerde (Sykkylven kommune), som son av gardbrukar og fiskar Ingebrigt Hanssen Strømme (1853-1928) og Severine Karlsdotter f. Drotninghaug (1851-1928). Etter utdanning reiste han tilbake til bygda han kom frå. Han la ned eit stort og idealistisk strev i ungdomslag og skule. Innsatsen vart lagt merke til, og han fekk ein karriere heilt til topps i det norske samfunnet. På 1930-talet var Venstre-mannen Strømme både stortingsrepresentant og statsråd.

Lærar og gardbrukar

Strømme gjekk mellomskulen i Volda, der han tok eksamen i 1890. Han byrja så på lærarutdanning ved Stord seminar, der dei frilynde verdiane stod sterkt. Etter eksamen og to år som lærar i Bremanger (1895-97) vende Strømme tilbake til heimbygda og heimegarden, gifte seg og fekk familie. Han tok over eit bruk der storparten av jorda var udyrka. Men som den interesserte gardbrukar han også var, gjekk han laus og braut jord. Då han gav frå seg garden til sonen, Inge Strømme, 30 år seinare, var det meste av jorda dyrka.

Ungdomslagsmann og Venstre-politikar

Lærar i Sykkylven var han frå 1897 til 1919, og det var særleg i denne perioden han gjorde seg gjeldande både som initiativtakar og leiar i Ungdomslaget Samhald og som leiar i byggjekomiteen for Ungdomshuset Vårvon. Frå 1911 var han også ordførar i Sykkylven og blant dei som gjorde opptakta til Sykkylven kommunale kraftverk som stod ferdig i 1919. Han gjorde ein stor innsats i lokalpolitikken og sat som medlem i ei rekkje utval og råd. Frå 1919 var han lensmann for Ørskog og Sykkylven.

I 1931 vart han vald inn for Venstre på Stortinget, der han vart sekretær i Justiskomiteen. I 1933 sat han som sosialminister i Mowinckels tredje regjering. I perioden 1934-36 var Strømme Venstres 1. suppleant for Møre fylke.

Kjelder og litteratur