Oterholtvegen

Oterholtvegen i i Midt-Telemark kommune går nordover som framhald av Gymnasbakken i krysset med Prestevegen, kryssar BøelvaOterholt, og endar i krysset med Livegen og Vreimsida. Han er om lag 1,9 kilometer lang og er ein delstrekning av fylkesveg 3334 (tidlegare fv. 155).

Oterholtvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2016).

Vegen har namn etter det gamle handelssenteret Oterholt og blei namnsett i 1967.

Frå gamalt av har det vore bru over Bøelva frå Oterholt-sida til Sisjord-sida. På Oterholt-sida voks det fram eit lite bygdesenter frå midten av 1850-talet og framover. Staden blei omtala som «ved Oterholt-brua». Noko seinare kom også nemninga «Tatergata» i bruk. Det var mykje framandfolk her og tatarar slo leir. Etter 1900 tok nåverande Bø sentrum til å vekse, og området ved Oterholt-brua kom meir i bakleksa etter kvart. Seinare gjekk nemninga for staden over til å bli «på Oterholt», igjen eit gardsnamn som har gjett namn til ein «tettstad».

Kjelder


Koordinater: 59.41873° N 9.05944° Ø