Otta (tettstad)

Sideversjon per 27. jan. 2017 kl. 09:04 av Kallrustad (samtale | bidrag) (bilete)

Otta er ein tettstad og administrasjonssenter i Sel kommune i Gudbrandsdalen. Bystatus vart vedteke av kommunen i 2000. Tettstaden ligg der Ottadalen munnar ut i hovuddalen, om lag elleve mil nord for Lillehammer. Namnet er tatt frå elva Otta. Pr. 2016 har Otta 1737 innbyggjarar.

Otta i 1956.
Foto: Jac Brun

Otta er eit trafikknutepunkt for jernbane og buss. Det er godt utbygd industri, særleg trevare-, næringsmiddel-, stein- og grafisk industri. Turisme er også ein viktig næringsveg på Otta.

Ottamartna'n blir arrangert årleg i månadsskiftet september/oktober.

Kjelder

Koordinater: 61.77117° N 9.53525° Ø