Peder Alsvik: Forskjell mellom sideversjoner
({{nn}}) |
|||
Linje 36: | Linje 36: | ||
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]] | [[Kategori:Stortingsrepresentanter]] | ||
{{f1}} | {{f1}} | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 27. jan. 2016 kl. 09:52
Mal:Thumb høyrePeder Alsvik (fødd på Semundset i Aure 26. juni 1882,[1] død 31. desember 1964) var ein arbeidarpartipolitikar og stortingsrepresentant frå Nordmøre.
Foreldra var Ole Andersen Alsvik (1856–1949) og Karen Bergitte Pedersdatter Sæmundset (1860–1897). Dei var gardbrukarar. I 1890 tok dei over Olvika ved Imarsundet og budde der nokre år før dei selde garden og flytta tilbake til Semundset att. Dei hadde da teke i bruk familienamnet Alsvik. Like etter, i 1898, kjøpte dei Nerbakkan under Leira, der dei vart buande.
Frå 16-årsalderen var Peder Alsvik sjømann i innan- og utanriksfart, og han arbeidde i mange år som fiskar i inn- og utland. I 1912 stod han i spissen for skipinga av Norsk fangst- og fiskerforbund i Ålesund. Han var anleggsarbeidar på Raumabanen 1922-1923. Frå 1933 til 1942 og frå 1945 til 1956 var han administrator i Hypotekbankens avdeling i Trondheim.
Peder Alsvik vart gift med Ellen Holten, og dei busette seg på Dale på Nordlandet, som da låg under Bremsnes herad. I 1916 kom Alsvik inn i kommunestyret i Bremsnes, og sat fyrst ein periode (1916-1919). Deretter sat han samanhengande frå 1925 til 1934.
Alsvik var vararepresentant til Stortinget for Møre 1931-1936, og var deretter stortingsmann for Møre og Romsdal (Arbeidarpartiet) 1937-1953. Han sat i Stortingets sjøfarts- og fiskerikomite 1945-1954.
Peder Alsvik døydde den 31. desember 1964.