Peder Pavels: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 20: | Linje 20: | ||
*Munthe, Hartvig. (1903). ''Aabel, Leigh og Pavels. Slægtshistoriske optegnelser.'' Christiania: Dybwad. ([http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012032024029 Digital utgåve]) | *Munthe, Hartvig. (1903). ''Aabel, Leigh og Pavels. Slægtshistoriske optegnelser.'' Christiania: Dybwad. ([http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012032024029 Digital utgåve]) | ||
*Per Olav Bøyum: [http://www.fylkesarkiv.no/fr/node/13163 «Reisande prestar»], fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. | *Per Olav Bøyum: [http://www.fylkesarkiv.no/fr/node/13163 «Reisande prestar»], fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. | ||
==Eksterne lenkjer== | |||
* {{hbr1-1|pl00000000004804|Peder Pavels}}. | |||
{{DEFAULTSORT:Pavels, Peder}} | {{DEFAULTSORT:Pavels, Peder}} | ||
Linje 30: | Linje 34: | ||
[[Kategori:Fødsler i 1769]] | [[Kategori:Fødsler i 1769]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1855]] | [[Kategori:Dødsfall i 1855]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 1. mar. 2016 kl. 10:40
Peder Pavels (fødd 15. desember 1769 i Hjelmeland, død 30. juli 1855 i Sandar) var teolog. Han var son av prost og sokneprest Peder Pavels (1724-1777) i Hjelmeland og Birgitte Christine Hielm (1739-1820).
Pavels gjekk ut frå Bergens skole i 1788 og tok teologisk embetseksamen i 1792. Frå 1794 tenestegjorde han som skipsprest og var med både til Vestindia og Middelhavet. Han skreiv dagbok frå eit tokt med fregatten "Thetis" til Middelhavet 1796-97.
Han vart 16.1.1801 utnemnd til sokneprest i Gloppen, Sogn og Fjordane. Frå 17.5.1817 var han òg prost i Nordfjord.
Pavels var valmann i samband med det ekstraordinære stortingsvalet hausten 1814.
Pavels vart utnemnd til sokneprest i Kragerø 7.1.1829 og Sandeherred (Sandar) 12.9.1833 der han var til han fekk avskil i 1846.
Stefaren til Pavels var sokneprest Niels Friis i Hafslo. Pavels gifte seg i København 2.3.1801 med offisersdottera Anne Elisabeth Hedvig Pflueg (1775-1857). Dei fekk følgjande born som voks opp:
- Maria Pavels (1802-1849), ugift
- Birgitte Christine Pavels (1802-1891), ugift
- Charlotte Dorothea Pavels (1805-1862), ugift
Peder Pavels var velståande, og systrene nytta delar av arven til å opprette to legat: Peder Pavels's og Anna Elisabeth Pavels's Legat "til Bedste for Allmuen i Gloppen", og Birgitte og Charlotte Pavels's Legat "til Bedste for ældre Damer (Frøkener og Enker)".
Kjelder og litteratur
- Ms.8° 709 Peder Pavels: Reisejournal 1796-1797 som skipsprest på en Middelhavs-farer, fregatten Thetis (Nasjonalbiblioteket)
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 185. (Digital utgåve)
- Munthe, Hartvig. (1903). Aabel, Leigh og Pavels. Slægtshistoriske optegnelser. Christiania: Dybwad. (Digital utgåve)
- Per Olav Bøyum: «Reisande prestar», fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.