Per Grønli

Sideversjon per 23. jan. 2012 kl. 10:32 av Marthe Glad (samtale | bidrag) (kat)

Per Grønli er fødd på Skotfoss ved Skien i 1944 og han har vore lærar, musikkinstruktør og utøvande musikar. Han utdanna seg til lærar på Notodden og tok seinare solid musikkutdanning ved Høgskolen i Bergen. Han vart så tilsett som lærar og musikkleiar på Notodden. I denne perioden gav han også ut ei lærebok for messingblåsarar. Her lanserte han banebrytande idear om pusteteknikk for blåsarar. Han gifte seg med sykkylvskvinna Hilde Straumsheim i 1974. Same året flytte dei til Sykkylven der Hilde tok over slektsgarden i Straumgjerde. Per byrja då i stilling som lærar ved Vik skule. På fritida dirigerte han mellom anna Aure skulekorps, som på denne tida kom opp på eit høgt nivå og hevda seg godt i nasjonale konkurransar. Per er sjølv ein dyktig trompetist som har halde ei rekkje konsertar på Sunnmøre saman med musikkolleger.

Kring 1990 byrja han å dirigere Ørskog Brass. Ikkje lenge etterpå tok han også på seg oppgåva som dirigent for janitsjarorkesteret Lurlåt i heimkommunen. Igjen gjekk han til verket med ambisjonar om å få til eit kvalitetsmessig løft. Han lukkast å motivere musikantane til stor innsats, og orkesteret gav seg i kast med krevjande nummer og gjorde det ved fleire høve skarpt i nasjonale tevlingar.

Etter ekteskapsbrot med Hilde, gifta han seg med Kari Viddal frå Sykkylven. Ho har arbeidd i bank.

Då Grønli vart 62 år, pensjonerte han seg frå lærarjobben. Ein av grunnane til det var at han ønskte å få bruke meir tid på ein av dei store hobbyane sine, måling. Det som så langt hadde vore nattarbeid kunne no gjerast på dagtid. Per Grønli har fått fram ein særmerkt strek der han kontrasterar klåre fargar og let landskapsformene spele mot kvarandre. Han er tydeleg inspirert av den mektige sunnmørsnaturen som han har rundt seg. Då han kom til Sykkylven, meinte han at fjella ville kvele han. No er det naturen, med dei mektige fjella, elvane og den frodige vegetasjonen som gjev han størst inspirasjon i virket som kunstnar. Per Grønli har hatt eit par separatutstillingar ved Sykkylven Kunstgalleri, og hans fargeglade og karaktersterke bilete er mykje etterspurde.

Dei siste åra har han arbeidd med å gjere folketonar frå Sykkylven meir tilgjengelege. Mange av desse står i fare for å gå i gløymeboka. Per Grønli har gjort ein innsats for at dei skal kunne brukast ved å harmonisere melodiane. Opprinneleg var dei berre registrerte med ein melodistemme.

Per Grønli bur i dag (2011) på Grebstad ved Sykkylven sentrum.

Kjelde

  • Ystenes, Edel Pernille (red.): Innflyttarboka. 41 historier om å kome til Sykkylven. Sykkylven: Sykkylven sogenemd, 2010.