Per Hermundson Bruheim: Forskjell mellom sideversjoner
m (lenke) |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
Linje 16: | Linje 16: | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[ | [[Kategori:Luster kommune]] | ||
[[Kategori:Handelsfolk]] | [[Kategori:Handelsfolk]] | ||
[[ | [[Kategori:Fødsler i 1918]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1974]] | [[Kategori:Dødsfall i 1974]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 18. nov. 2023 kl. 22:01
Per Hermundson Bruheim (fødd 15. mars 1918, død 22. november 1974) var frå garden Vamberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av bonde og bankkasserar Hermund Nilsson Bruheim og kona Elen. Han gifte seg i Trondheim 20. juli 1950 med Tora Sjursdotter Bakken (1926-1982) frå Sagarøy, dotter av Sjur Larsson Bakken og Agatha f. Yttri (1886-1953).
Per var gardsstyrar på Steig i Fortun i Luster fram til han tok til som kjøpmann på Grimo i Jostedalen i 1949. Han og Tora flytte inn på Bruvoll 2 i Sagarøy i stova som foreldra til Tora hadde budd fram til 1917 (sjå Sagarøy). Dei seg ei tomt hjå foreldra til Tora som budde i Sagarøy (Bukti) der ho var oppvaksen, og i 1958 stod det nye huset ferdig. Per flytte då handelen til Elvetun, eller ’’Per-Bui’’, som òg var bustad. Her vart han og Tora buande livet ut.
Då faren Hermund fall ifrå i august 1962, tok Per Bruheim over som kasserar og bokhaldar i Jostedal sparebank. Dette ombodet hadde òg bestefaren Nils Hermundson Bruheim hatt.
Per og Tora hadde tre born:
- Harald Bruheim (fødd 1950)
- Edit Bruheim (fødd 1952)
- Steinar Bruheim (fødd 1955), fjellførar og dagleg leiar i Jostedalen breførarlag
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 393 og 418. (Digital utgåve, NBdigital)