Per Kløve

Per Davidsen Kløve (fødd 26. november 1888Voss, død 21. april 1959) var lærar og fotograf.

Per Kløve
Foto: Henta frå Norske skolefolk (1952)

Han var son av gardbrukar David Oddson Kløve (f. 1852) og Ingeborg Pedersdotter Kløve (f. 1857), og vaks opp på garden Kløve.

Kløve var gift med Gjertrud Lemme. Sonen David Kløve (f. 1920) vart òg lærar.

Han var aktiv i Voss Kristeleg Folkeparti, og vart vald inn i styret då laget vart skipa i 1936. Han var òg i styret i Voss Indremisjon, Voss lærarlag og Hardanger og Voss fylke av D.N.T., samt at han satt i Voss skulestyre og sokneråd.

Ein del av bileta hans var med på utstilling på Voss april 1977, og mange er trykt i bøker.

Kjelder


  Per Kløve er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!