Peter Vogelius Deinboll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Peter Vogelius Deinboll(fødd 8. januar 1783 i København, død 13. mai 1874i Vestre Aker (nåverande Oslo kommune), var teolog, skulemann, folkeopplysningsmann, politikar og sjølvlærd naturvitar.


Familie

Han var son av tallotterikollektør Christian Deinboll og Karen Christiane fødd Holm. Peter V. Deinboll gifta seg 1809 Anna Marie Dorthea Deinboll (1781-1858). Foreldra hennar var konsumpsjonsforvaltar Jørgen Deinboll og Anna Margrethe Elisabeth fødd Holm. Peter V. Deinboll og kona var syskenborn.


Utdanning og fagområde

Deinboll tok filosofisk eksamen ved universitetet i København i 1801. Etter eit opphald i Noreg vidareførde han studiane i København frå 1805, både medisin og teologi, utan å ta avsluttande eksamenar der. Han fullførde seinare sine teologiske studiar ved det nye universitetet i Christiania, og vart cand. theol. derifrå i 1815.


Lærar og prest

Under det fyrste opphaldet sitt i Noreg var Deinboll mellom anna som huslærar hjå kaptein F.C. von DittenRåen i Øvre Eiker. Lærargjerninga følgde med han gjennom heile karrieren, og skulevesenet var han også særskilt oppteken av som politikar.

Da han på nytt kom til Noreg i 1808, denne gongen for godt, var han fyrst huslærar i Holmestrand. Så starta han sin eigen privatskule der. Frå Holmestrand flytta han til Drammen, der han var kyrkjesongar i Bragernes kyrkjelyd. Ved sida av dette underviste han ved borgarskulen i Drammen.

Same år som han tok embetseksamen, 1815, vart Deinboll utnemnd til sitt fyrste kall. Han var der til 1824. Han fekk ein periode ansvar for alle soknekall i Aust-Finnmark, og var prost frå 1819.

Frå 1824 til 1832 var Deinboll sokneprest i Løten i Hedmark. Der dreiv han også privatundervisning for ungdom som ville studere, ei verksemd som ofte blir omtala som Prost Deinbolls institutt. Mellom andre Nikolai Ramm Østgaard og Bernt Lund fekk si artiumsførebuande undervisning der.

I perioden 1832–1857 hadde han prestekall i Bolsøy og Molde, og var prost i Romsdal prosti 1844–1850.


Politikar

Peter V. Deinboll representerte Finmarkens amt i 1820, 1822 (overordentlig storting), 1824. Seinare var han vararepresentant til Stortinget frå Kristiansund og Molde.

Eit hovudfelt for hans politiske engasjement, og som hadde nær samanheng med hans yrke og livsgjerning, var utbygging av skolevesenet. Allereie før han kom på Stortinget hadde han fremja ein plan for styresmaktene om nyordning av skulen i Finnmark. I 1821 sette han fram eit framlegg i Stortinget om ein lærarseminar i Nord-Noreg. Skulen vart ein realitet ved opprettinga av Trondenes Seminar i 1826.

Eit framlegg frå Deinboll på Stortinget 1824 vart lagt til grunn for den viktige skulelova av 1827.


Naturvitaren

Deinbolls vidtfemnande interesser omfatta ikkje minst naturkunnskap. Han hadde særleg interesse for insekt, noko som truleg kom av at han i ungdomen lærde å kjenne den danske entomologen (insektforskaren) Niels Tønder Lund. Deinboll samla insekt frå mange stader i landet, og bygde opp ei stor samling, som nå tilhøyrer Naturhistorisk museum i Oslo.


Folkeopplsyningsmann

Kjelder og litteratur