Røyrvik krins

Røyrvik krins var ein skulekrins i Gloppen kommune i Nordfjord. Krinsen var ein periode slått saman med Eimhjellen krins, men i 1928 vedtok skulestyret at dei to krinsane skulle delast opp att.[1] På 50- og 60-talet var det til tider få born i krinsen.[2] På 60-talet fekk skulen også elevar frå Solheim krins og Eimhjellen krins. Frå skuleåret 1968/69 var det ingen førsteklassingar frå Røyrvik, og det vart heldt skule for førsteklasse i Eimhjellen og på Solheim, mens andre- og tredjeklasse fekk undervisning på Røyrvik.[3]

Skulehus

I åra etter krinsen vart skipa på nytt i 1928, vart det jobba for å få bygd skulehus i Røyrvik. Krinsen hadde fram til då ikkje hatt skulehus.[4] Eit forslag var å flytte eit gamalt skulehus frå Straume krins, men skulestyret vedtok å heller selje huset.[5] I staden vedtok skulestyret same år å byggje skulehus i Røyrvik. Vilkåra var mellom anna at krinsen tok på seg dei vanlege ytingane; "fri tuft og leikepolass og 12,5% av byggjekostnaden", og at dei tok seg av transporten av byggjemateriale som måtte fraktast opp frå sjøen, samt kostnadane for transporten av støypesand på 400 kronar.[6] Skulehuset vart bygd i 1932. Rasmus Devik frå Rygg fekk anbodet på 6200 kronar.[7]

Fotnotar

  1. Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 12.
  2. Firdaposten 1955.08.09. 19550809. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Firda 1968.08.06. 19680806. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Fjordabladet 1929.10.01. 19291001. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 18.
  6. Firda Tidend 1931.01.23. 19310123. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Firda Tidend 1931.05.05. 19310505. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947
  • Fjordabladet
  • Firdaposten
  • Avisa Firda

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.690289° N 5.825802° Ø