Rasmus Endresen (1768–1841): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
({{nn}})
m (Teksterstatting – «[[Kategori:Sogn og Fjordane fylke» til «Kategori:Vestland fylke [[Kategori:Sogn og Fjordane»)
Linje 37: Linje 37:
[[Kategori:Balestrand kommune]]
[[Kategori:Balestrand kommune]]
[[Kategori:Futer]]
[[Kategori:Futer]]
[[Kategori:Sogn og Fjordane fylke]]
[[Kategori:Vestland fylke]]
[[Kategori:Sogn og Fjordane]]
[[Kategori:Fødsler i 1767]]
[[Kategori:Fødsler i 1767]]
[[Kategori:Dødsfall i 1841]]
[[Kategori:Dødsfall i 1841]]
{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 2. jan. 2020 kl. 10:03

Rasmus Endresen (fødd ca 1767, død 5. juli 1841 i Balestrand) var fut i Sogn. Fram til 1809 var han kopist ved Rentekammeret i København ved kontoret for sakene som gald overdraging av gods som høyrde til embetsmenn eller offentlege stiftingar. I København fekk han òg ein son i 1807 med kona Johanne Christine Holm.

1814

Endresen vart 25. februar 1809 utnemnd til fut for Ytre og Indre Sogn i Nordre Bergenhus amt. Han var såleis ein av dei fremste embetsmennene i Sogn og Fjordane i 1814.

Det vart òg eit hendingsrikt år for Rasmus Endresen og huslyden hans. Han vart vald til ein av dei to valmennene frå Vik prestegjeld under bededagen 18. mars, og han møtte på amtsforsamlinga 30. mars som vart halde i huset hans på Vange i Vik. Her vart dei tre eidsvollsmennene frå amtet valde.

Amtmann Herman Gerhard Treschow forlet embetet og landet etter at den norske staten var etablert 17. mai, og Endresen vart no konstituert som amtmann for Nordre Bergenhus. I kraft av embetet leidde han valet 22. september til det omframme Stortinget om hausten, som òg vart halde i huset hans i Vik. Endresen hadde berre amtmannsembetet fram til kring 20. oktober 1814 då Christian Magnus Falsen tok over embetet. Han budde i Bergen.

Endresen overtok ikkje berre embetet etter Treschow. I 1813 hadde Treschow busett seg i Balestrand der han hadde kjøpt Askelund som hadde vore futegard sidan 1790. Hausten 1814 kjøpte Endresen garden av Treschow og flytte dit frå Vik. På same tid, 21. oktober, fekk Rasmus og Johanne Christine Endresen tvillingar, og den eine av dei vart døypt Herman Gerhard, truleg ei oppkalling etter Treschow.

Fut i trøbbel

Frå embetstida si er Endresen mest hugsa for måten han måtte forlata futeembetet. Formelt hadde han embetet til han døydde i 1841, men han vart suspendert i 1837 og kom under rettsforfølging på grunn av kassamangel.

Presteskapet var heller ikkje særleg nøgd med Endresen. Dei sivile styresmaktene i Sogn, særleg Endresen og amtmann Chr. U. Kastrup, viste "en utillatelig slapphet og likegyldighet" i moralske saker (H. Nilsen). Dei skal ha vore likesæle når det galdt å driva inn bøter for moralske lovbrot og brot på brennevinslova. I Sogndal hadde han ikkje følgt opp meldingar av to ulovlege brennevinsbrennarar, og på Hafslo hadde han ikkje gjort noko for å driva inn 90 spd bøter til fattigvesenet.

Etterkomarar

Rasmus Endresen og Johanne Christine Holm gifte seg truleg i København. Dei fire kjende borna deira var alle ugifte, og i 1865 er alle å finna i same huslyd på Balei Balestrand:

  • Endre Michael Endresen (f. ca. 1807 i København), studerte medisin utan å fullføra studia
  • Jacobine Saxild Endresen (fødd 1812)
  • Herman Gerhard Endresen (fødd 1814), studerte jus utan å fullføra studia
  • Hans Rasmus Endresen (1814-1900), cand.jur, fekk dottera Emilie Eriksen Endresen (f. 1844) i Oslo med Gunhild Marie Mathisen

Kjelder og litteratur