Rasmus Jensson Kruna

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jun. 2011 kl. 20:45 av Oddloho (samtale | bidrag) (lagt til born og skulemøtet 1741)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rasmus Jensson Kruna (fødd kring 1702, død kring 1759) var frå Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var frå Hellegård og gifte seg kring 1722 med enkja Anna Andersdotter frå Leirdalen i Luster.

Rasmus og Anna dreiv frå 1722 bruket hennar i Leirdalen, men flytte kring 1730 til Jostedalen. Dei dreiv fyrst Hellegård, men bytte kring 1738 til seg grannegarden Kruna der dei vart buande levetida ut.

Rasmus var ein av dei fire jostedølene som møtte på skulemøtet i Solvorn 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd.[1]

Rasmus er nemnd som lagrettemann i Jostedalen i 1742.[2]

Rasmus og Anna fekk sju born i lag, og fem av dei voks opp:

  • Siri Rasmusdotter (1723-1803), gift med gardbrukar Erik Olson på Kruna
  • Knut Rasmusson (1725-1791), gardbrukar på Øy i Myklemyr
  • Synneva Rasmusdotter (1727-1811), gift med gardbrukarsonen Anders Olson frå Bergset
  • Martha Rasmusdotter (1731-1786), gift med Peder Hermundson på Hellegård
  • Kari Rasmusdotter (1736-1826), gift med lensmann og gardbrukar Lars Tøgerson Kruna det andre Krune-bruket

Notar

  1. Skulefundasen 1741, Jostedal historielag
  2. Tingbok for Indre Sogn, 1742 (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 827. (digital utgåve, NBdigital)