Rauland Vevarlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Utklipp frå Arbeiderbladet den 21. oktober 1935.

Rauland Vevarlag blei skipa av Dorothy Huitfeldt i februar 1933. Laget heldt til i Rauland og Øyfjell i Vinje kommune. Det mest kjende varemerket deira var "Teletweed" - ei tynnare, lettare og sterkare utgåve av den britiske tweeden. Stoffet blei bruka til frå sportsdrakter og dresstøy til slåbrokar og turbanar. Snart blei det også vove stoff som blei nytta i møbelindustrien.[1]

Arkiv

Delar av arkivet etter Rauland Vevarlag er oppbevart hjå Lokalhistorisk arkiv i Vinje. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.

Referansar

  1. Rorgemoen, 1996, s. 9.

Kjelder og vidare lesning

  • Rorgemoen, Dag, Teletweed og fårikål er to sider av same sau : soga om Rauland vevarlag, Øyfjell, [Oslo] : [D. Rorgemoen], 1996. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Lyche, Karl C., "Ein ny heimeindustri. Tweedveving i Øyfjell, Telemark.", opptak frå NRK radio, publisert 7. oktober. 1937. Lenke til opptak hjå Nasjonalbiblioteket.