Rauland Vevarlag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rauland Vevarlag blei skipa av Dorothy Huitfeldt i februar 1933. Laget heldt til i Rauland og Øyfjell i Vinje kommune. Det mest kjende varemerket deira var "Teletweed" - ei tynnare, lettare og sterkare utgåve av den britiske tweeden. Stoffet blei bruka til frå sportsdrakter og dresstøy til slåbrokar og turbanar. Snart blei det også vove stoff som blei nytta i møbelindustrien.[1]
Arkiv
Delar av arkivet etter Rauland Vevarlag er oppbevart hjå Lokalhistorisk arkiv i Vinje. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.
Referansar
- ↑ Rorgemoen, 1996, s. 9.
Kjelder og vidare lesning
- Rorgemoen, Dag, Teletweed og fårikål er to sider av same sau : soga om Rauland vevarlag, Øyfjell, [Oslo] : [D. Rorgemoen], 1996. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
- Lyche, Karl C., "Ein ny heimeindustri. Tweedveving i Øyfjell, Telemark.", opptak frå NRK radio, publisert 7. oktober. 1937. Lenke til opptak hjå Nasjonalbiblioteket.