Søre Drivenes

Søre Drivenes er ein gard på øya Selbjørn i Austevoll kommune. Den har gardsnummer 66 (8 før 1964). Garden ligg ved det sterkt trafikkerte Bekkjarviksundet. Mot nord og vest går grenselinja mot dei andre Drivenes-gardane (Nordre og Store Drivenes), og i sør mot Grasdal og Sætre. Grenselinja går over Kongsfjellet 185 moh. På Kongsfjellet er det bygd tre gravrøyser for meir enn 1000 år sidan.

Søre Drivenes
Fylke: Vestland
Kommune: Austevoll
Gnr.: 66

Fram til 1964 tilhøyrde Søre Drivenes Fitjar kommune.

Namn

Eldre skrivemåtar: Søer Driffuenes (1647).

Driva, Drifa er kjent elvenamn. Kanskje gardsnavnet Drivenes kom frå namnet på den vesle bekken som rann ut i Bekkjarvik.
Gardsnavnet kan og forklarast ut frå betydninga av drifa: Snø- og regndrev.

Historie

1600-talet

Garden vart i byrjinga av 1600-talet delt i to jamnstore bruk.

1605
  • Garden er første gong nemnt, då brukar Peder Driffuenes betalte skatt.
1647
  • Skrivemåte, Søer Driffuenes
1660
  • Søre Drivenes var krongods som Kong Fredrik III i pengenød selde til kanslaren Peder Reetz i 1660-åra saman med dei andre Selbjørnsgardane og mykje anna gods og kongetiende.
1668
  • Skrivemåte, Søre Drivenes

1700-talet

1723
  • Bekkjarvik Skild ut som eigen gard frå Søre Drivenes
1780-åra
  • bnr. 1 vart delt i to like bruk.

1800-talet

1849
1886
  • Det er registrert 5 bruk på garden

1900-talet

1906
  • Er det registrert 9 bruk på garden
1964
  • Søre Drivenes vart overført til Austevoll kommune frå Fitjar kommune.
ca 1991
  • Er det registrert 122 bruk på garden

Kjelder

  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik Kapellsokn. Austevoll sogenemnd. Utgjevar: Austevoll kommune. 1991.