Samlingspartiet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. jan. 2018 kl. 15:37 av PaulVIF (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Samlingspartiet var ein valallianse mellom Høgre, Moderate Venstre og uavhengige moderate ved stortingsvalet 1903. Gruppa sto i opposisjon til Venstre sin radikale politikk, særleg sosial- og unionspolitikken. Bland leiarane for Samlingspartiet var Christian Michelsen, Wollert Konow, Bjørnstjerne Bjørnson og Olaf Anton Thommessen.

Dei fekk inn 63 representantar på Stortinget, medan Venstre fekk berre 49. Dermed kunne Francis Hagerup den 22. oktober 1903 danne ny regjering. I tillegg til Samlingspartiet sat det representantar frå Høgre og Venstre i denne regjeringa. Den 11. mars 1905 tok Christian Michelsen frå Venstre over som statsminister, med Samlingspartiet, Høgre og Moderate Venstre som del av regjeringa.

Ved stortingsvalet 1906 fekk Samlingspartiet 37 representantar, ein kraftig nedgang frå 1903-valet. Venstre styrka seg til 72 representantar. Christian Michelsen si regjering vart sittande til 23. oktober 1907, då regjeringa Løvland (Venstre, Moderate Venstre og uavhengige) tok over. Dei som hadde vore i Samlingspartiet gjekk til Høgre og Frisinnede Venstre.

Litteratur