Wollert Konow (SB)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Wollert Konow i 1910-åra.
Foto: Ukjend / Oslo museum

Wollert Konow (fødd 16. august 1845 i Fana, død 15. mars 1924 same staden) var Venstreleiar, stortingspresident og statsminister, brukseigar og lokalpolitikar. Han nemnast ofte som Wollert Konow (SB), der SB står for Søndre Bergenhus, amtet han kom ifrå. Dette gjer ein for å skilje han frå fetteren Wollert Konow (H) (1847–1932), som har ein H for Hedemarkens amt etter namnet sitt.

Slekt og familie

Han var son av brukseigar Wollert Konow (1809–1881) og Marie Louise Oehlenschläger (1818–1910). Faren tilhøyrde Bergensslekta Konow, medan mora var dotter av den danske diktaren Adam Gottlob Oehlenschläger, kjend for å ha skrive den danske nasjonalsongen.

Den 10. mai 1875 vart han gift med Fredrikke Wilhelmine Kooter (1854–1935), kalla «Frigga», som var dotter til Jacob Blaauw Kooter (1818–1887) og Marie Frederikke Balchen (1817–1883).

Liv

Han voks opp på Stend i Fana, der faren eigde ein gard og eit møllebruk. Faren hadde tidlegare reist til København for å bli diktar, og hadde der treft Marie Louise Oehlenschläger og gifta seg med ho. Dei litterære og estetiske interessene til foreldre prega heimen, og faren var òg oppteke av politikk.

Medan han gikk på Bergen katedralskole vart Wollert Konow kjend med målsaka, og han melde seg raskt inni Vestmannalaget. Han skreiv nokre brev og artiklar på landsmål, men det meste av det han forfatta var på riksmål. Han hadde livet igjennom interessa for målsaka, sjølv om han ikkje var bland dei sentrale målfolka.

I 1864 avla han studenteksamen, og han drog så til Christiania. Der byrja han studere jus på universitetet, men han tok ikkje juridisk embetseksamen. I staden reiste han til Halsnøy i Sunnhordland saman med Niels Juel, og i 1868 starta dei ein folkehøgskule der. Etter å ha drive den i fire år drog Konow vidare til MossigeJæren.

I 1873 tok han så over møllebruket på Stend etter faren. Det var noe det politiske arbeidet tok til. Han var ordførar i Fana det meste av tida mellom 1880 og 1901, med to avbrot. I perioden 1877–1879 var han fyrste vararepresentant til Stortinget frå Søndre Bergenhus, og det siste av desse åra møtte han fast på tinget. I 1880 vart han vald inn på fast representant, og han blei sittande til 1888. I tida fram mot 1884 orienterte han seg saman med fleire andre unge representantar mot Johan Sverdrup. I 1884 tok han del i skipinga av Norges Venstreforening, og han kom inn i landsstyret frå starten og vart sittande der til 1889. I det siste året var han varaformann. På Stortinget var han odelstingspresident 1884–1887 og i 1888 var han stortingspresident.

Etter at Sverdrup hadde fått statsministerjobben kom både Konow og andre Venstrefolk meir og meir i opposisjon til han. Konow vart ein av dei skarpaste kritikarane til Sverdrup, særleg i kultursaker. I 1888 kom det til brot mellom Sverdrup og «reine Venstre», og det var då Konow som fremja interpellasjonen som innleidde oppgjeret. Partisplittinga gjekk ikke slik dei hadde håpt, for «reine Venstre» tapte valet. Dette var eit hardt slag for han, og han reiste heim til Fana og fokuserte på bruket og på lokalpolitikken.

I 1891 kom det tilbod frå Johannes Steen om ein statsrådpost, men Konow takka nei. I 1895 sa han ja til å vere med i den norsk-svenske unionskomiteen, og i 1897 sto han på ny til val til Stortinget. I 1899 vart han odelstingspresident att, men det siste året i perioden søkte han velferdspermisjon. Den nye Venstre, med mellom anna sterk vektlegging av sosiale reformer, passa ikkje Konow. Fram mot 1905 plasserte han seg i Christian Michelsen sin liberale samling. Då Venstre enno ein gong vart splitta i 1908 vart Konow frontfigur for Frisinna Venstre, og i 1909 vart han vald inn på Stortinget for det partiet. Året etter skipa Høgre og Frisinna Venstre regjering saman, og Konow vart etter påtrykk frå Christian Michelsen statsminister.

Utdypende artikkel: Wollert Konows regjering

Å vere statsminister i denne samlingsregjeringa var ikkje ein enkel oppgåve. Dei hadde eit knapt fleirtal på Stortinget, men med sterke motsetnader i Frisinna Venstre og eit Høgre som pressa på for å få gjennom sin politikk var det nær sagt umogleg å halde regjeringa samla. Høgre vart meir og meir misnøgd med Konow, og i februar 1912 kom regjeringskrisa. Konow hadde då halde ein tale i Bondeungdomslaget, der han snakka om sin kjærleik til målsaka. Høgrefolket vart provosert av dette, og trekte seg ut av regjeringa. Konow måtte raskt gje opp å bygge opp ei regjering ut ifrå berre Frisinna Venstre, og gjekk av. I 1912 stilde han til val, men tapte for Venstre sin kandidat.

Etter tapet i valet i 1912 var Konow ute av politikken for godt, og han budde resten av livet på Stend.

Konow fekk i 1910 storskorset av St. Olavs Orden.

Litteratur og kjelder