Sigurd Førsund

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. apr. 2013 kl. 21:15 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kat)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han er særleg kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986.

Sigurd voks opp på eit bruk på garden Føsund (Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide. (1853-1943).

Sigurd Førsund tok lærareksamen ved Stord lærarskule i 1906. Han hadde tilleggsutdanning mellom anna med stipend til songkurs 1910, sløydkurs 1914 og tysk gjennom Norsk korrespondanseskole 1922.

Han hadde lærarstillingar mange stader dei fyrste åra: Fyrst på Brekke i Sogn 1906-1907, så i Sveio 1907-1909, der han vart kjend med Arnfine Dommersnæs (1886-1966) dotter av lærar Sigve Haakonsen Dommersnæs og Marta Arnfinnsdotter Svendsbø. Sigurd og Arnfine gifta seg i Sveio i 1909. Dei fekk fem søner og fire døtrer, fødde i tidsrommet 1910-1924.

Same året dei gifta seg, flytta dei til Skjåk i Gudbrandsdalen, der dei vart verande i to år. Førsund var lærar i Holmork skule og organist i Skjåk kyrkje. Det var nå Sigurd Førsund lærde Tore Ørjasæter å kjenne, og han komponerte tonen til Vestland og eit anna av dikta til lyrikaren som hadde fått gjeve ut sine to fyrste diktsamlingar rett før, i 1908 og 1910.

Så flytta Førsund og familien til Lardal i Vestfold (1911-1912), Stord (1912-1913), Etne i Sunnhordland (1913-1914) og Sjernarøy (nåverande Finnøy kommune i Ryfylke) (1914-1919). Dei kom til Etne igjen i 1919, og Førsund hadde lengste samanhengande tenestetida si der, heilt fram til 1950. Han fekk stilling som lærar og kyrkjesongar og flytta inn i klokkarbustaden på Rygg.

Familien flytta til Arna ved Bergen i 1953, der dei vart buande resten av livet. På sine eldre dagar brukte Førsund mykje av tida si på å skrive gards- og ættesoge for Kyrkjebø, saman med broren Adolf Førsund.

Kjelder og litteratur

  • Førsund, A.: Ættebok for Kyrkjebø. Bygdeboknemnda for Kyrkjebø, 1. opplag 1949, oppdatert med tillegg til 1994, 1995. side 142 og 144.
  • Norske skulefolk
  • Diverse avisklipp og enkeltopplysningar tilsendt Hans P. Hosar frå Arnfrid Mæland, april 2013.