Skjåk-Ola: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Skjåk-Ola]]''', eller Ola Rasmussen (fødd [[1744]] i [[Skjåk]] og død same stad [[1803]]) var snikkar og treskjerar, særleg kjend for stoveinnreiingar der det typisk inngjekk store stuguskåp (framskåp) og anna fast inventar med rik [[Akantus|akantusornamentikk]]. Ei rekkje av skåpa hans er bevarte, og har i vår tid vorte verdsette til svært høge prisar på antikvitetsmarknaden. Ola Rasmussen er også kjend under namnet Teigroen, etter ein av bustadene han hadde. Han levde ugift livet ut.
'''[[Skjåk-Ola]]''', eller Ola Rasmussen (fødd [[1744]] i [[Skjåk]] og død same stad [[1803]]) var snikkar og treskjerar, særleg kjend for stoveinnreiingar der det typisk inngjekk store stuguskåp (framskåp) og anna fast inventar med rik [[Akantus|akantusornamentikk]]. Ei rekkje av skåpa hans er bevarte, og har i vår tid vore høgt takserte på antikvitetsmarknaden. Ola Rasmussen er også kjend under namnet Teigroen, etter ein av bustadene han hadde. Han levde ugift livet ut.
 
Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar innan ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i [[Gudbrandsdalen]] på den tida. Som mange andre stader i landet var dette ei velstandstid for gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som [[Røros]], [[Folldal kommune|Folldalen]] og [[Lesja]].

Sideversjonen fra 12. nov. 2012 kl. 13:10

Skjåk-Ola, eller Ola Rasmussen (fødd 1744 i Skjåk og død same stad 1803) var snikkar og treskjerar, særleg kjend for stoveinnreiingar der det typisk inngjekk store stuguskåp (framskåp) og anna fast inventar med rik akantusornamentikk. Ei rekkje av skåpa hans er bevarte, og har i vår tid vore høgt takserte på antikvitetsmarknaden. Ola Rasmussen er også kjend under namnet Teigroen, etter ein av bustadene han hadde. Han levde ugift livet ut.

Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar innan ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i Gudbrandsdalen på den tida. Som mange andre stader i landet var dette ei velstandstid for gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som Røros, Folldalen og Lesja.