Skjåk-Ola: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Mellomlagring)
Linje 2: Linje 2:

Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar innan ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i [[Gudbrandsdalen]] på den tida. Som mange andre stader i landet var dette ei velstandstid for gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som [[Røros]], [[Folldal kommune|Folldalen]] og [[Lesja]].

== Bakgrunn og oppvekst ==
Far til Ola heitte Rasmus Larsen (1694-1763). Rasmus var fødd og oppvaksen som nesteldste son på garden [[Nigard Skjåk]]. Mor til Ola heitte Sissel Olsdotter (1704-1763). Ho var frå [[Lundagrenda]] i same bygda. Rasmus og Sissel gifta seg i 1725, og fekk i alt seks born i tidsrommet 1727-1744. To av dei døydde som barn. Ola var yngst i syskenflokken.
Det var lenge godteken kunnskap at Skjåk-Ola i likskap med faren var fødd på Nigard Skjåk. Men i ei semesteroppgåve i lokalhistorie frå 2003 blir det påvist at dette neppe er rett. ''Eldrid Grande Skjåk'' gjer der overtydande greie for at foreldra hans var gardbrukarar på garden [[Hågå]], eit mindre bruk i [[Bruheimsgrenda]], på det tidspunktet Ola var fødd. Eit sterkt indisum er ein dåpsinnførsel i kyrkjeboka nyttårsdagen 1745, der dåpsbarnet er «Rasmus Hagens Drbr. [Drengebarn] Ole.» [http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603490621.jpg Kyrkjebok for Lom.]Grande Skjåk viser også til annan overtydande dokumentasjon.
Familien budde i Hågå til Ola var i 17-årsalderen. Da fekk dei høve til å overta Nigard Skjåk, og flytta dit i 1762. Eldstebroren til Ola, Lars, vart brukar der. Foreldra deira døydde båe allereie i 1763, året etter at dei hadde flytta inn på Nigard Skjåk.

Sideversjonen fra 12. nov. 2012 kl. 13:54

Skjåk-Ola, eller Ola Rasmussen (fødd 1744 i Skjåk og død same stad 1803) var snikkar og treskjerar, særleg kjend for stoveinnreiingar der det typisk inngjekk store stuguskåp (framskåp) og anna fast inventar med rik akantusornamentikk. Ei rekkje av skåpa hans er bevarte, og har i vår tid vore høgt takserte på antikvitetsmarknaden. Ola Rasmussen er også kjend under namnet Teigroen, etter ein av bustadene han hadde. Han levde ugift livet ut.

Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar innan ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i Gudbrandsdalen på den tida. Som mange andre stader i landet var dette ei velstandstid for gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som Røros, Folldalen og Lesja.

Bakgrunn og oppvekst

Far til Ola heitte Rasmus Larsen (1694-1763). Rasmus var fødd og oppvaksen som nesteldste son på garden Nigard Skjåk. Mor til Ola heitte Sissel Olsdotter (1704-1763). Ho var frå Lundagrenda i same bygda. Rasmus og Sissel gifta seg i 1725, og fekk i alt seks born i tidsrommet 1727-1744. To av dei døydde som barn. Ola var yngst i syskenflokken.

Det var lenge godteken kunnskap at Skjåk-Ola i likskap med faren var fødd på Nigard Skjåk. Men i ei semesteroppgåve i lokalhistorie frå 2003 blir det påvist at dette neppe er rett. Eldrid Grande Skjåk gjer der overtydande greie for at foreldra hans var gardbrukarar på garden Hågå, eit mindre bruk i Bruheimsgrenda, på det tidspunktet Ola var fødd. Eit sterkt indisum er ein dåpsinnførsel i kyrkjeboka nyttårsdagen 1745, der dåpsbarnet er «Rasmus Hagens Drbr. [Drengebarn] Ole.» Kyrkjebok for Lom.Grande Skjåk viser også til annan overtydande dokumentasjon.