Skjåk-Ola

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. nov. 2012 kl. 14:22 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk
Framskåp laga av Skjåk-Ola, frå slutten av 1700-talet. Skåpet var opphavleg frå Nigard Lund i Skjåk. Det er nå på Kunstindustrimuseet i Oslo. Ukjent fotograf.

Skjåk-Ola, eller Ola Rasmussen (fødd 1744 i Skjåk og død same stad 1803) var snikkar og treskjerar, særleg kjend for stoveinnreiingar der det typisk inngjekk store stuguskåp (framskåp) og anna fast inventar med rik akantusornamentikk. Ei rekkje av skåpa hans er bevarte, og har i vår tid vore høgt takserte på antikvitetsmarknaden. Ola Rasmussen er også kjend under namnet Teigroen, etter ein av bustadene han hadde. Han levde ugift livet ut.

Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar innan ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i Gudbrandsdalen på den tida. Som mange andre stader i landet var dette ei velstandstid for gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som Røros, Folldalen og Lesja.

Bakgrunn og oppvekst

Far til Ola heitte Rasmus Larsen (1694-1763). Rasmus var fødd og oppvaksen som nesteldste son på garden Nigard Skjåk. Mor til Ola heitte Sissel Olsdotter (1704-1763). Ho var frå Lundagrenda i same bygda. Rasmus og Sissel gifta seg i 1725, og fekk i alt seks born i tidsrommet 1727-1744. To av dei døydde som barn. Ola var yngst i syskenflokken.

Det var lenge godteken kunnskap at Skjåk-Ola i likskap med faren var fødd på Nigard Skjåk. Men i ei semesteroppgåve i lokalhistorie frå 2003 blir det påvist at dette neppe er rett. Eldrid Grande Skjåk gjer der overtydande greie for at foreldra hans var gardbrukarar på garden Hågå, eit mindre bruk i Bruheimsgrenda, på det tidspunktet Ola var fødd. Eit sterkt indisum er ein dåpsinnførsel i kyrkjeboka nyttårsdagen 1745, der dåpsbarnet er «Rasmus Hagens Drbr. [Drengebarn] Ole.» [1] Grande Skjåk viser også til annan overtydande dokumentasjon.

Familien budde i Hågå til Ola var i 17-årsalderen. Da fekk dei høve til å overta Nigard Skjåk, og flytta dit i 1762. Eldstebroren til Ola, Lars, vart brukar der. Foreldra deira døydde båe allereie i 1763, året etter at dei hadde flytta inn på Nigard Skjåk.

Interiør frå Uppigard Skjåk i Skjåk kommune, utført av Skjåk-Ola ca 1764. Kva fargar det var frå fyrst av, er uvisst. Dette er eit døme på ei tidstypisk innreiing av stover på bondegardar i Gudbrandsdalen, og Skjåk-Ola har utvilsamt hatt sterk innverknad på utviklinga av stilen. Det faste inventaret, som ein reknar med er laga av Skjåk-Ola sjølv, er frå venstre framskåp (stuguskåp), hylle over døra, blandstampbenk med skåp/dragkast over, bostkast med pyntehandkle på høgre vegg. Foto:Kristian Hosar.

Det er rimeleg å tru at Ola vart med foreldra, broren og ei ugift syster til Nigard Skjåk, og at han vart buande der ei tid frametter. Broren Lars var ugift dei fyrste åra som gardbrukar, og hadde sikkert god bruk for broren til hjelp i gardsdrifta. Rundt 1764, da han var i 19-20-årsalderen, fekk Ola i oppdrag å lage interiøret i nyhuset på Uppigard Skjåk, som den gongen låg tun i tun med Nigard. Han har iallfall rimelegvis budd på garden medan dette pågjekk. Det er også mogleg at han før dette hadde laga framskåp og anna heime hjå dei sjølve på Nigard, men dette er uvisst.

I Teigroen

Opplysningane i kjeldematerialet er mangelfulle om kvar Skjåk-Ola budde og verka i vaksen alder. Broren gifta seg i 1765, men både han og kona døydde allereie fire år etter, og etterlet seg to mindreårige born, ei jente på fire år og odelsguten Rasmus, som knapt var eitt år gammal på det tidspunktet. Det er tenkjeleg at Ola har hatt ei hand med i gardsdrifta frametter, men dette er ikkje kjeldebelagt. Skjåk Grande finn det mindre sannsynleg, særleg av di Skjåk-Ola nettopp i desse åra frå ca. 1770 og frametter hadde sine mest produktive år som handverkar og kunstnar.

Det er munnleg tradisjon for at Skjåk-Ola flytta nord i Teigomsgrenda til den garden som i dag heiter Søre Teigom. Det var ein plass under Nigard Skjåk, i likskap med fleire bustader i grenda der, (for Søre Teigoms vedkomande fram til 1808).[2] Ola dreiv visstnok ikkje plassen sjølv, men bygde seg ei stove i utkanten av eigedomen. Den vart kalla Teigroen, og er i så fall bakgrunnen for dette andre tilnamnet som stundom blir nytta om Ola Rasmussen. Det er den dag i dag spor etter ei tuft på Søre Teigom som skal vere etter huset hans Skjåk-Ola.

Rett ved staden, i åa Nørdre Juva, låg det ei sag som tilhøyrde Nigard Skjåk, ei innretning som snikkaren og treskjeraren kan ha hatt stor nytte av.

Gardbrukar i Lund

Mot slutten av livet sitt kjøpte Skjåk-Ola eit gardsbruk i Lundagrenda, ikkje langt frå Teigom. Det var eit bruk som sidan har gått inn i det som i dag heiter Nord i Lund. Skjåk-Ola kjøpte bruket av ein Arne Guttormsen i 1796. Det bur ein ugift Ole Rasmussen på eit Lund-bruk i folketeljinga 1801.[3]Alderen er rett nok 58, og skulle ha vore 55 eller 56, men det er vel likevel sannsynleg at dette er Skjåk-Ola. Han har eit ungt ektepar med eit lite barn buande der som «Tiennestefolk». Skjåk-Ola selde bruket att i 1802. Da hadde han inngått fletføringskontrakt med brorsonen på Nigard Skjåk, flytta dit og døydde der.

Referansar

Kjelder og litteratur