Skjåk kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 10: Linje 10:
|målform=[[Nynorsk]]  
|målform=[[Nynorsk]]  
|url=www.skjaak.kommune.no  
|url=www.skjaak.kommune.no  
|ordførernavn=[[Rolv Kristen Øygard]]  
|ordførernavn=[[Rolv Kristen Øygard]]  
|ordførerparti=[[Senterpartiet|Sp]]  
|ordførerparti=[[Senterpartiet|Sp]]  
Linje 21: Linje 22:
=== Naturtilhøve ===
=== Naturtilhøve ===


Elva Otta renn gjennom hovuddalføret, med utspring frå Djupvatnet på Geirangerfjellet. Einaste sidedalen med fast busetnad innan kommunen, er Åstradalen i sørvest, med grenda Bråtå. Elva Åstra møter Otta ved Dønfoss. Større sideelver elles er Tora frå Tordalen, Tundra frå Tundradalen, Skjøla frå Lundadalen og Aura frå Aursjoen.
I Skjåk utvidar Ottadalen seg til ein vid, open u-dal med flat dalbotn. Landskapet er forma av istida og av avsetningane frå breelver og bresjøar etter som isen trekte seg attende. Berggrunnen er nokså einsarta og består av gneis. Austdelen av bygda (hovudsoknet og synste delen av Nordberg) er prega av ope, samanhengande jordbrukslandskap, medan Nordberg i vest har mykje furuskog med mindre jordbruksgrender og spreidde bruk innimellom.
 
Gjennom hovuddalføret renn Otta-elva, med utspring frå Djupvatnet på Geirangerfjellet. Einaste sidedalen med fast busetnad innan kommunen, er Åstradalen i sørvest, med grenda Bråtå. Elva Åstra møter Otta ved Dønfoss. Større sideelver elles er Tora frå Tordalen, Tundra frå Tundradalen, Skjøla frå Lundadalen og Aura frå Aursjoen.


Klimaet i Skjåk er spesielt, på den måten at nedbøren i dalbotnen er svært låg, under 300 mm i årsgjennomsnitt. Det har gjort jordbruket heilt avhengig av kunstig vatning, og forseggjorde anlegg som leier vatn ned frå fjellet til gardane har eksistert frå gammalt av, tidlegast dokumentert på sutten av 1500-talet.
Klimaet i Skjåk er spesielt, på den måten at nedbøren i dalbotnen er svært låg, under 300 mm i årsgjennomsnitt. Det har gjort jordbruket heilt avhengig av kunstig vatning, og forseggjorde anlegg som leier vatn ned frå fjellet til gardane har eksistert frå gammalt av, tidlegast dokumentert på sutten av 1500-talet.

Sideversjonen fra 8. aug. 2008 kl. 11:53

Mal:Infoboks kommune2


Skjåk er ei fjellbygd og kommune lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen i Oppland fylke. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januari 1866, og hadde da skriftforma Skiaker som låg nærare det opphavlege Skeidåker. Bygda og kommunen fekk namn etter garden Skjåk (Uppigard og Nigard), der det har vore kyrkjer sidan mellomalderen. Bismo er senteret i kommunen, det ligg på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna i Skjåk prestegjeld, Skjåk og Nordberg. Bygda ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, eller ein kan seia inntil nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i øst og sørøst til Lom, sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord, sommarstid også til GeirangerSunnmøre.


Naturtilhøve

I Skjåk utvidar Ottadalen seg til ein vid, open u-dal med flat dalbotn. Landskapet er forma av istida og av avsetningane frå breelver og bresjøar etter som isen trekte seg attende. Berggrunnen er nokså einsarta og består av gneis. Austdelen av bygda (hovudsoknet og synste delen av Nordberg) er prega av ope, samanhengande jordbrukslandskap, medan Nordberg i vest har mykje furuskog med mindre jordbruksgrender og spreidde bruk innimellom.

Gjennom hovuddalføret renn Otta-elva, med utspring frå Djupvatnet på Geirangerfjellet. Einaste sidedalen med fast busetnad innan kommunen, er Åstradalen i sørvest, med grenda Bråtå. Elva Åstra møter Otta ved Dønfoss. Større sideelver elles er Tora frå Tordalen, Tundra frå Tundradalen, Skjøla frå Lundadalen og Aura frå Aursjoen.

Klimaet i Skjåk er spesielt, på den måten at nedbøren i dalbotnen er svært låg, under 300 mm i årsgjennomsnitt. Det har gjort jordbruket heilt avhengig av kunstig vatning, og forseggjorde anlegg som leier vatn ned frå fjellet til gardane har eksistert frå gammalt av, tidlegast dokumentert på sutten av 1500-talet.

Arealet fordeler seg slik: Snaufjell: 1.651.050 dekar (79,4%) Skogareal: 173.000 dekar (8,4%) Brear: 124.860 dekar (6.0%) Myrer: 4.940 dekar (0,2%) Vassdrag: 100.190 dekar (4,8%) Innmark: 25.000 dekar (1,2%) Totalt areal: 2.079.040 dekar (100%)

Bygdenamnet

Bygda har fått namn etter garden Skjåk (Uppigard og Nigard), og den opphavlege forma er Skeidåker. Det tyder åkeren/plassen der ein held skeid (= leik, kappestrid). Som namn på eit område større enn denne idrettsplassen og (seinare) garden, har det venteleg blitt teke i bruk da det vart bygd kyrkje der, ein gong før ca. 1280. I sokneinndelinga på 1600-talet omfattar områdenamnet Skjåk strekninga på sørsida av Otta (baksida) frå grensa til Lom hovudsokn til og med den på det tidspunktet vestlegaste garden Lindsheim, og alle gardane på nordsida (solsida) vestfrå til Aura. Resten av nåverande Skjåk sokna til kyrkja på Hove på Ramstadstronda, som i likskap med kyrkja på Skjåk kom til i tidleg mellomalder eller i høgmellomalderen før ca. 1280. Fellesnamnet på dei to sokna Skjåk og Hove har vore Nordherad, ei nemning som truleg skriv seg frå ei samfunnsorganisering som går attende til førkristen tid. Som fellesnamn på bygda vart nok Nordherad delvis nytta heilt til bygda vart eige prestegjeld i 1864, og kanskje enda ei stund etter det. Men vi kan rekne med at "Skjåk" vart meir og meir einerådande etter at kyrkja på Hove vart nedlagt i 1752 og det vart berre eit sokn i Nordherad.

Grendeinndeling

Grendeinndelinga har variert historisk og ut frå ulike funksjonar (bearlag, skulekrinsar med meir). For orienterings- og jamføringsføremål er følgjande inndeling nytta gjennomgåande i Skjåk bygdebok (band 1-3 1994, 1995, 1998):

Skjåk sokn
Nordsida (solsida) av Otta, frå aust mot vest: Synna Brua, Ramstadstronda, Reppen, Norda Aura og Forbergsgardane.
Sørsida (baksida), frå aust mot vest: Gjeilostronda, Bersustronda, Skjåkstronda, Brukrokane og Dalane, Lundagrenda.
Nordberg sokn
Nordsida (solsida), frå aust mot vest: Bruheimsgrenda, Langleite og Jøingslia, Billingsdalen.
Sørsida (baksida), frå aust mot vest: Teigoms- og Påsågrend, Øygardane, Åmotsgrenda, Bråtå.

Tettstaden Bismo, på grensa mellom Skjåk og Nordberg på solsida, er i dag bygdesenter med kommuneadministrasjon, ungdomsskule og idrettshall, industriverksemder, kjøpesenter og ei rekkje andre verksemder innan tenesteytande næringar.


Historisk-administrativ tilknyting

Kommunen

Skjåk vart eige herad frå 1. januar 1866 (kgl. res. 3. desember 1864). Til da hadde bygda vore del av Lom herad alt sidan det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837.

Førhistoriske inndelingar

I "den eldste Noregs-soga", Historia Norvegiae frå slutten av 1100-talet, blir Austlandet inndelt i fire "patrias", som igjen bestod av i alt 12 "provinces". Det eine av desse "patrias" er "Gudbrandsdalen med Lom og granneprovinsane". I Halvdan Kohts omsetjing er "patria" kalla "lagdømme" og "provins" er omsett med "fylke". I Bygdebok for Skjåk band 1 er desse opplysningane tolka slik: Lom (med Skjåk) har danna eit eige kult- og rettsfellesskap, truleg med tingstad der stavkyrkja i Lom seinare vart bygd (Mo). Denne "provinsen" vart heller kalla "herad" enn "fylke". Heradsordninga var knytta til Austlandet, medan "fylke" var eit Vestlands- og Trøndelags-fenomen. "Heradet" Lom har igjen vore delt i mindre krinsar, slik det gamle bygdenamnet "Nordherad" for Skjåk kan vera ei minning om. Formuleringa frå Historia Norvegiae indikerer at Lom og "grannefylka" ikkje har vore rekna med til den eigentlege Gudbrandsdalen. I sine merknader i omsetjinga er Koht inne på at "grannefylka" til Lom kan ha vore 1) Vågå (der er det også den dag i dag eit "Nordherad"), 2) Lesja og Dovre og 3) Fron. Desse fire einingane i Nord-Gudbrandsdalen (Norddalen) høver elles godt med at Norddalen i følgje tingfarebolken i Magnus Lagabøtes landslov skulle ha fire representantar på Eidsivatinget.

Geistleg inndeling

Bispedømme (stift)

Før 1541: Hamar

1541-1864: Oslo/Christiania

1864- dags dato: Hamar


Prosti

Fram til 1871: Gudbrandsdalen

1871 - dags dato: Nord-Gudbrandsdalen


Prestegjeld og sokn

Tida fram til ca. 1350 (tidleg- og høgmellomalder):

Skjåk og Hove kyrkjer er nemnde i eit diplom frå 1343, der det framgår at 60 år før det (altså ca. 1280) hadde dei to kyrkjene hatt ein og same prest. Det er rimeleg å tru at presten har budd på Prestegarden like ved Skjåk-kyrkja. Ved Oldsaksamlinga i Oslo er det ein døypefont frå Hovs-kyrkja som er datert til perioden 1150-1200. Ut over dei slutningane som kan trekkjast av ovanståande, kan vi ikkje datere etableringa av kyrkjene og sokna nærare.

Ca. 1350-1752:

I eit diplom frå 1363 er Steine Petersson nemnd som prest i "Skidakers sokn Bøær sokn Giæilo sokn ok Nes sokn". I bygdebok for Skjåk band 1 er situasjonen tolka slik: "Bøær sokn" er identisk med Hove sokn, med kyrkje på Hove og kyrkjegard på nabogarden Bøje. Korleis det har vore med kyrkjene på Gjeilo og Nes (Synstnes, Stusnes og Nørstnes i nåverande Lom kommune), og om desse kyrkjene eventuelt har hatt eigne prestar, er uvisst. Steine Petersson er nemnd som prest i Lom kyrkje (Mo) i fleire dokument 1375-1410. Det er iallfall sikkert at i det meste av seinmellomalderen og tidleg nytid fram til 1752, har det vore to kyrkjesokn i nåverande Skjåk: Hove og Skjåk, og båe var anneks under Lom prestegjeld.

1752-1863:

Nåverande Skjåk kyrkje vart innvigd i 1752. I samband med dette vart Hove kyrkje og annekssokn nedlagt. Heile nåverande Skjåk vart deretter eitt annekssokn under Lom prestegjeld.

1863- dags dato:

Skjåk vart eige prestegjeld frå 13. desember 1863 (kgl. res. 4. august 1863). Nordberg, den vestlege delen av Skjåk, vart skilt ut som annekssokn frå 1. januar 1866 (kgl. Res. 23. september 1865). Nordberg kyrkje stod ferdig i 1864.

Sivile forvaltningsdistrikt

Len

I heile lenstida (fram til 1660) var futen i Gudbrandsdalen, og dermed også Skjåk, direkte underordna lensherren på Akershus.


Amt og fylke

I lenstida var statthaldaren på Akershus samstundes lensherre over Akershus len. Statthaldarembetet heldt fram etter at eineveldet vart innført i 1660. I åra 1660-1679 varetok statthaldaren framleis dei gamle "lensherrefunksjonane" i Akershus, til det vart utnemnt ein eigen stiftamtmann i Kristiania i 1679.

1679-1687: Direkte under Akershus/Kristiania stiftamt

1687-1694: Gudbrandsdalens og Hedmarkens amt

1694-1757: Igjen direkte under Akershus/Kristiania stiftamt

1757-1781: Opplandenes amt

1781-1918: Kristians amt (Østre Opplandene)

1918- dags dato: Oppland fylke


Futedøme/fogderi:

Fram til 1861: Gudbrandsdal

1861-1909: Nord-Gudbrandsdal


Lensmannsdistrikt:

Fram til 1909: Lom

1909- : Skjåk

Rettsleg inndeling

Lagdømme

Sorenskriveri

Nord-Gudbrandsdal

Tinglag:

Militær inndeling

Folketal

Historisk epokeoversyn

Førhistorisk tid

Mellomalder 1050-1537

Tidleg nytid 1537-1814

Tida 1814-1940

Okkupasjonstida 1940-1945

Etter andre verdskrigen 1945- dags dato

Historiske sektoroversyn

Ressursgrunnlag og næringsliv

Dei to kyrkjesokna Skjåk og Nordberg kan seiast å ha ulikt ressurs- og næringsgrunnlag frå naturens side. Eit uttrykk for dette er at Nordberg stundom blir omtala som ”skogbygda” og Skjåk som ”grjonbygda”.

I Nordberg er det betydelege areal med produktiv furuskog, eigd av Skjåk almenning. Denne delen av bygda har representert ressurstilgang i form av materialar, beite og for for gardane i båe sokna. Frå ca. 1730 har skogen også hatt kommersiell betydning ved sal av i hovudsak rundtømmer fram til 1930. Da vart det bygt eit moderne sagbruk og høvleri nær/i Bismo, og frå da av har avsetnaden dreia seg om foredla trelast. I Nordberg har svært mange av familiane livnært seg av ein kombinasjon av småbruk og skogsarbeid.

Dei beste jordbruksareala og dei største gardane finn ein i ”grjonbygda” Skjåk sokn. Der har næringsgrunnlaget tradisjonelt vore dominert av jordbruket, men med viktige inntektstilskot som har falle av eigarrettar i ålmenninga. Fram til ca. 1880 eksporterte gardane betydelege mengder byggkorn til kornfattige bygder og verkssamfunn som Lesja, Folldalen og Røros. Etter at jernbanen gjorde konkurransen frå importert korn for hard, måtte ein også i Skjåk satse meir på husdyrhaldet, mest storfehald (mjølkeproduksjon). Etter andre verdskrigen har Skjåk vorte kjent for framifrå svineavl.

Størstedelen av arealet i kommunen er høgfjell. Etter Høgfjellskommisjonens granskingar vart i 1922 eigedomsretten også til høgfjellsstrekningane i heile heradet, altså ikkje berre ålmenningsskogen i Nordberg, tilkjent Skjåk almenning. Høgfjellet har i det tradisjonelle landbruket vore utnytta til beite, ikkje minst i form av seterdrift. Frå 1890-åra fram til 1960-åra har det vore tamreindrift i Skjåk, dels i privat, dels i kommunal regi. Frå slutten av 1800-talet har høgfjellet også meir og meir danne grunnlag for turist- og fritidsnæringar. Pollfoss og Grotli er dei eldste turistverksemdene som har vore tufta på dette. Jakt (villrein, elg) og fiske (aure) er og har vore viktig for matauk og som fritidssyssel. Nyleg har monalege delar av høgfjellet i bygda vorte verna område som del av Reinheimen nasjonalpark.

Frå og med fyrste verdskrigen har næringslivet vorte stadig meir differensiert. Det vart sett i gang fleire foredlingsverksemder basert på jord- og skogbruk: møller, ysteri og sagbruk. Dei viktigaste var Lom og Skjåk Dampysteri frå 1924 og Skjåk ålmennings sag- og høvleri frå 1930. Etter 1914 vart det danna fleire rutebilselskap i Skjåk og Ottadalen, og ein større bilverkstad vart etablert i Bismo i samband med dette. Mindre trevarefabrikkar og annan småindustri kom også i gang. I løpet av dei siste 30-40 åra har det kome til fleire moderne industribedrifter i Bismo, som mellom anna baserer seg på leveransar til offshoreverksemda.

Elektrisk straum kom til store delar av bygda med bygging av kraftverk i tverrelva Aura i 1919-1920. Regulering av Breidalsvatnet og Raudalsvatnet under og etter andre verdskrigen var basert på sal av vasskraft til elektrisitetsverk lenger nedover i Otta, Lågen og Glomma. Straumproduksjonen innan bygda vart auka med vidare utbygging av Aursjoen etter krigen, og ikkje minst med utbygginga av Øvre Otta etter regjeringsvedtak i 2001.

Politikk

Partidanninga

Ordførarar i Skjåk

Kyrkja og religiøs organisering

Skolevesen

Kunst og kultur

Det er etter måten talrike funn av gjenstandar frå jernaldergraver i bygda, men det er vanskeleg å slå fast kor mykje av dette – om noko - som har vore produsert i bygda. På 1500- og 1600-talet er det bevart mange biletvevnader (flamskvev), mest med bibelske motiv. Desse har utan særleg tvil vore skapte av folk i Skjåk og grannebygdene. Særleg frå andre halvparten av 1700-talet har treskjerarkunsten vorte eit dominerande uttrykk innan kunst- og husflidsektoren, med namn som Skjåk-Ola (Ola Rasmussen Skjåk/Teigroen 1744-1803) , Sylfest Nilsen Skrinde (1732-1785) blant dei fremste. Folkemusikken, særleg felespelet, har vore dyrka. Det mest kjende namnet her er Fel-Jakup eller Jakup Lom (1821-1876). Frå 1900-talet kan nemnast Torkjell Auale (18xx-19xx), Kristen Vang (xxxx-19xx) og Rikard Skjelkvåle (1890-19xx) Det er to landskjende diktarar frå Skjåk, Tore Ørjasæter (18xx-19xx) og Jan-Magnus Bruheim (xxxx-xxxx)