Snøtun (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Lagt til personar frå Snøtun)
(lagt til overgang til sjølveige)
Linje 25: Linje 25:


Snøtun var lensmannsgard gjennom dei siste to tredelane av 1700-talet.
Snøtun var lensmannsgard gjennom dei siste to tredelane av 1700-talet.
==Overgang til sjølveige==
Fram til 1700-talet var Snøtun som resten av Jostedalen eigd av skiftande eksterne godseigarar, og brukarane var leiglendingar. Då jostedalsgodset etter 1754 vart delt mellom dei tre sønene til [[Christopher Munthe]], var det [[Gerhard Munthe (1726-1785)]] som fekk hand om Grov. Han selde alt 25. oktober 1757 til brukaren, lensmann [[Tøger Ottoson Snøtun]]. Snøtun var dermed ein av dei aller fyrste jostedalsgardane som vart selde ut av Munthe-ætta.
Men Snøtun vart ikkje verande i lokalt eige så lenge. Den 26. oktober 1758 fekk sonen til Tøger, lensmann [[Otto Tøgerson Snøtun]], skøyte på garden, og [[Jens Munthe]] tok deretter att garden på odel (27. mars 1760). Det vart såleis den neste leiglendingen, [[Anders Pederson Snøtun]], som vart sjølveigar for godt då han kjøpte garden frå Jens Munthe 28. juli 1778 (sjå [[Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800]]).


==Bruksdeling==
==Bruksdeling==

Sideversjonen fra 6. apr. 2011 kl. 16:54

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Snøtun (Luster, gnr. 209) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krundalen og grensar i aust mot Kruna og i vest mot Grov.

På Snøtun låg Krundalen skule. Den nyaste skulebygningen frå 1959 står framleis og er i dag Bretun, kurssenteret og hovudkvarteret til Jostedalen breførarlag.

Snøtun var lensmannsgard gjennom dei siste to tredelane av 1700-talet.

Overgang til sjølveige

Fram til 1700-talet var Snøtun som resten av Jostedalen eigd av skiftande eksterne godseigarar, og brukarane var leiglendingar. Då jostedalsgodset etter 1754 vart delt mellom dei tre sønene til Christopher Munthe, var det Gerhard Munthe (1726-1785) som fekk hand om Grov. Han selde alt 25. oktober 1757 til brukaren, lensmann Tøger Ottoson Snøtun. Snøtun var dermed ein av dei aller fyrste jostedalsgardane som vart selde ut av Munthe-ætta.

Men Snøtun vart ikkje verande i lokalt eige så lenge. Den 26. oktober 1758 fekk sonen til Tøger, lensmann Otto Tøgerson Snøtun, skøyte på garden, og Jens Munthe tok deretter att garden på odel (27. mars 1760). Det vart såleis den neste leiglendingen, Anders Pederson Snøtun, som vart sjølveigar for godt då han kjøpte garden frå Jens Munthe 28. juli 1778 (sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).

Bruksdeling

Frå 1792 til 1795 budde eigaren av Snøtun, Peder Andersson Snøtun, på husmannsplassen Bakkane slik at Bakkane då ei tid var hovudbruket på garden. Eigaren Peder delte Snøtun i to jamstore bruk, Snøtun og Bakkane i 1800, som kvar fekk 1 pund og 12 merker smør og 1/2 bukkeskinn i skyld. Delinga skjedde ved at den nemnde eigaren Peder heldt på Bakkane medan broren Ole Andersson Snøtun overtok det opphavlege bruket på Snøtun (skøyte 7. oktober 1800). I 1825 vart så Bakkane delt att.

Bruksdelinga vert dermed slik:

  • Bnr. 1 Reina (Røysi) - skilt ut ved delinga av Bnr. 2 Bakkane i 1825
  • Bnr. 2 Bakkane - tidlegare husmannsplass - skilt ut frå bnr. 3 Snøtun i 1800
  • Bnr. 3 Snøtun - det gamle hovudbruket

I tillegg er det utskilt nokre parsellar, mellom anna til skulehuset.

Husmannsplassar

Det har berre vore ein husmannsplass under Snøtun, Bakkane som vart rydda kring 1774. Eigaren av Snøtun budde i Bakkane 1792-95, men elles var det husmannsplass til utskiljinga som eige bruk i 1800. Eigaren sjølv busette seg ikkje på bruket før i 1813, så fram til då har bruket vore utleigd.

11 av 13 gardshus i Bakkane vart teke av eit stort snøskred 26. januar 1849.[1] Ingen menneske kom til skade, men krøtter og avling gjekk tapt, og garden skal ha vore fråflytt nokre år. Tunet vart i 1870-åra flytt frå ca 150 meter ovanfor fylkesvegen til dagens plassering like ved Krundøla på nedsida av fylkesvegen.

Personar frå Snøtun

Notar

  1. Snøskred i Krundalen 1849, Jostedal historielag

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 839-861. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Snøtun», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk

Mal:Koordinater