Snøtun (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. apr. 2011 kl. 07:14 av Oddloho (samtale | bidrag) (→‎Bruksdeling: detaljar om bruksdelinga)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Snøtun (Luster, gnr. 209) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krundalen og grensar i aust mot Kruna og i vest mot Grov.

På Snøtun låg Krundalen skule. Den nyaste skulebygningen frå 1959 står framleis og er i dag Bretun, kurssenteret og hovudkvarteret til Jostedalen breførarlag.

Bruksdeling

Frå 1792 til 1795 budde eigaren av Snøtun, Peder Andersson Snøtun, på husmannsplassen Bakkane slik at Bakkane då ei tid var hovudbruket på garden. Eigaren Peder delte Snøtun i to jamstore bruk, Snøtun og Bakkane i 1800, som kvar fekk 1 pund og 12 merker smør og 1/2 bukkeskinn i skyld. Delinga skjedde ved at den nemnde eigaren Peder heldt på Bakkane medan broren Ole Andersson Snøtun overtok det opphavlege bruket på Snøtun (skøyte 7. oktober 1800). I 1825 vart så Bakkane delt att.

Bruksdelinga vert dermed slik:

  • Bnr. 1 Reina (Røysi) - skilt ut ved delinga av Bnr. 2 Bakkane i 1825
  • Bnr. 2 Bakkane - tidlegare husmannsplass - skilt ut frå bnr. 3 Snøtun i 1800
  • Bnr. 3 Snøtun - det gamle hovudbruket

I tillegg er det utskilt nokre parsellar, mellom anna til skulehuset.

Husmannsplassar

Det har berre vore ein husmannsplass under Snøtun, Bakkane som vart rydda kring 1774. Frå kring 1790 var Bakkane hovudbruket på Snøtun, men frå 1795 vart bakkane på ny driven som husmannsplass til plassen vart utskilt som eige bruk.

11 av 13 gardshus i Bakkane vart teke av eit stort snøskred 26. januar 1849.[1] Ingen menneske kom til skade, men krøtter og avling gjekk tapt, og garden skal ha vore fråflytt nokre år. Tunet vart i 1870-åra flytt frå ca 150 meter ovanfor fylkesvegen til dagens plassering like ved Krundøla på nedsida av fylkesvegen.

Notar

  1. Snøskred i Krundalen 1849, Jostedal historielag

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 839-861. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Snøtun», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk

Mal:Koordinater