Solund kommune

Solund kommune er ein øykommune i Ytre Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane), som ligg sør for Askvoll og Fjaler, vest for Hyllestad og nord for Gulen. Administrasjonssenteret er Hardbakke, som ligg på den største øya, Sula.

Solund kommune
1412 Solund komm.png
Basisdata
Historisk(e) navn Sulen, Utvær
Kommunenummer 4636
Fylke Vestland
Kommunesenter Hardbakke
Areal 219.11  km²
Areal land 219.11  km²
Areal vann 0  km²
Folketall 756 (2023)
Grunnlagt 1858
Sammenslåing(er) 1964: Losna overført frå Gulen
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Kommunen vart skipa i 1858, då han vart skilt ut frå Gulen med namnet Utvær. I 1893 vart dette endra til Sulen, og i 1920 vart skrivemåten Solund.

Etter dei store kommunesammenslåingane på 1960-talet vart Solund den minste kommunen i Sogn og Fjordane målt etter folketal, og i tiårsperioden 1996–2006 gjekk folkemengden attende med 17,3 prosent. I Vestland fylke har berre Modalen og Fedje færre innbyggjarar.

Solund er ein fiskerikommune. I seinare år har oppdrett vorte viktig i tillegg til det tradisjonelle fisket. Det som finst av industri, er stort sett knytt til bygging og reparasjon av båtar.

Utvær fyrstasjon ligger i kommunen.

Sjå også

Kjelder


Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Koordinater: 61.07394° N 4.83881° Ø