Sophie Reimers

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. jan. 2022 kl. 00:36 av Stigrp (samtale | bidrag) (bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Søsknene Arnoldus Reimers og Sophie Reimers fotografert i 1891 i rollene som Dagny og Ørnulf i Ibsens Hærmendene på HelgelandChristiania Theater.
Foto: Ludwik Szacinski /Oslo Museum
Sophie Reimers er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Gravminnet oppgir 1854 som fødselsår, men andre kjelder sier 1853.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)

Sophie Reimers (fødd 19. april 1853 eller 1854 i Bergen, død 9. april 1932 i Oslo) var skodespelar. Foreldra var Claus Severin Frimann Reimers (1808–1870) frå slekta Reimers og Severine Cathrine Lem (1816–96) frå slekta Lem. Sjølv var ho ugift heile livet. Ho var syster til skodespelaren Arnoldus Reimers.

Merk at kjeldene oppgir både 1853 og 1854 som fødselsår; artikkelen i NBL seier 1853, men folketellingane i 1875 og 1900 oppgir 1854. På gravminnet står årstalet 1854.

Ho debuterte på Den Nationale Scene i 1879. Etter to år i Bergen vart ho tilsett på Christiania Theater. Da teatret vart lagt ned i 1899, vart ho same året tilsett på Nationaltheatret. Der var ho til ho døydde.

Etter kvart vart ho Nationaltheatrets Grand Old Lady og fekk dei rollene ho ville ha.

Sophie Reimers er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Kjelder og litteratur