Sophie Reimers

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Søsknene Arnoldus Reimers og Sophie Reimers fotografert i 1891 i rollene som Dagny og Ørnulf i Ibsens Hærmendene på HelgelandChristiania Theater.
Foto: Ludwik Szacinski /Oslo Museum

Sophie Reimers (fødd 19. april 1853 eller 1854 i Bergen, død 9. april 1932 i Oslo) var skodespelar, i en årrekke tilsett ved Nationaltheatret.

Familie

Foreldra til Sophie Reimers var Claus Severin Frimann Reimers (1808–1870) frå slekta Reimers og Severine Cathrine Lem (1816–96) frå slekta Lem. Sjølv var ho ugift heile livet. Ho var syster til skodespelaren Arnoldus Reimers.

Merk at kjeldene oppgir både 1853 og 1854 som fødselsår; artikkelen i NBL og fleire samtidige nekrologar seier 1853, men folketellingane i 1875 og 1900 oppgir 1854. På gravminnet står årstalet 1854.

Liv

Reimers debuterte på Den Nationale Scene i 1879. Etter to år i Bergen vart ho tilsett på Christiania Theater. Da teatret vart lagt ned i 1899, vart ho same året tilsett på Nationaltheatret. Der var ho til ho døydde.

Etter kvart vart ho Nationaltheatrets Grand Old Lady og fekk dei rollene ho ville ha.

Ettermæle

Sophie Reimers er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Gravminnet oppgir 1854 som fødselsår, men fleire andre kjelder seier 1853.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)

Sophie Reimers er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Nemninga Skuespillerinde er nytta på gravminnet.

Kjelder og litteratur