Språkskifte i norske kommunar 1892-2013: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Ajourføring)
Linje 31: Linje 31:
*[[Opprop for Blix-salmane i Sogn 1899]]
*[[Opprop for Blix-salmane i Sogn 1899]]
*[[Opprop for målsaka i Nordfjord og Sunnfjord 1899]]
*[[Opprop for målsaka i Nordfjord og Sunnfjord 1899]]
*[[Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen]]
*[[Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen]]
*[[Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen]]
*[[Språkskiftet til nynorsk i Skjåk]]
*[[Språkskiftet til nynorsk i Skjåk]]

Sideversjonen fra 4. feb. 2013 kl. 09:55

Ivar Aasen (1813-1896). Med sin rekonstruksjon av det norske språket kan han seiast å vere opphavsmannen til problematikken «språkskifte i norske kommunar».

Språkskifte i norske kommunar 1892-2013 er eit dugnadsprosjekt på lokalhistoriewiki.no, initiert i høve Språkåret 2013. Føremålet er å kaste mest mogleg historisk lys over skifte av offisielle målformer på lokal og regional basis. Årstalet 1892 er valt av di det da vart opna for lokale vedtak om anten riksmål eller landsmål skulle nyttast i skulane. Dette hadde heimel i den såkalla målparagrafen i skulelova, jamfør også jamstellingsvedtaket frå 1885.

Nynorsk/bokmål, samisk/norsk

Språkskifte gjeld altså frå fyrst av skifte frå riksmål/bokmål til landsmål/nynorsk og seinare også vice versa. (Bokmål og nynorsk vart innført som offisielle nemningar i 1929.) Prosjektet omfattar vidare språkskifte frå/til samisk i forvaltningsområdet for samisk språk, innført med samelova i 1989.

Bjørnstjerne Bjørnson er eit anna viktig namn knytta til språkstriden, som ein tidleg pådrivar innan riksmålsrørsla.

Vi etterlyser ei rad typar artiklar som vil vere naturleg å knytte opp mot dette, som til dømes:

  • Oversyn over språkskifte i einskildkommunar eller delar av kommunar (skulekrinsar), eller på regional basis.
  • Artiklar om einskilde hendingar i språkskifte-samanheng
  • Om språkorganisasjonar, ideologiar og standpunkt
  • Opplysningsartiklar om lovverk, prosedyrer i språkskifte, rettskrivingsreformer, leseverk og lærebøker etc
  • Biografiar over aktørar i språkdebatten, lokalt og nasjonalt – lærarar, politikarar, vitskapsfolk, leiarar og aktivistar i språk- og andre interesseorganisasjonar
  • Om skular og skulestell der språkstrid har oppstått


Hans P. Hosar er NLI-kontakt og koordinator for dugnadsprosjektet. Særskilde faglege rettleiarar vil vere Oddmund Løkensgård Hoel (nynorsk/bokmål) og Olve Utne (samisk).

Relaterte artiklar

Generelt

Nynorsk/bokmål

Samisk/norsk